Meiner Nav-lovbrot er alvorleg: Barnefamiliar i pengenød fekk ikkje hjelp

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Helsetilsynet fann lovbrot ved fleire titals Nav-kontor landet rundt. Dei stemplar funna som «omfattande svikt».

1. Meiner Nav-lovbrot er alvorleg: Barnefamiliar i pengenød fekk ikkje hjelp

Helsetilsynet fann lovbrot ved fleire titals Nav-kontor landet rundt. Dei stemplar funna som «omfattande svikt».

AVDEKTE SVIKT: Underdirektør i Helsetilsynet Katarina Øi Heidem slår fast at Nav har butt lova når dei ikkje har kartlagt barns situasjon ved foreldres søknader om sosialhjelp.

Vilhelm Bjørgul – Journalist

Publisert 08.07.2024, kl. 20.25

Helsetilsynet har undersøkt om barnefamiliar som har krav på sosialhjelp, får pengane dei treng av Nav.

Tilsynet fann lovbrot ved 58 av dei 68 Nav-kontora som blei undersøkte. Med andre ord braut fire av fem av kontora lova.

I slike saker skal Nav snakke med barna, ifølge Barnekonvensjonen. Det har Nav ikkje gjort, fastslår Helsetilsynet.

Desse funna er ekstra alvorlege i ei tid der prisane på mat og straum har stige kraftig, ifølge ulikskapsforskar Silje Skuland ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved Oslomet.

– Det er klart at den prisveksten har vore høg for dei med lågast inntekt, og kanskje spesielt for dei som er på sosiale stønader, slik som sosialhjelp, seier ho til NRK.

Les også Nav fant ikke papirene hans i over ti år: – Følte at Nav slettet livet mitt

Skuland meiner funna heilt tydeleg viser konsekvensar for barna lovbrota gjeld.

– Det er klart at det at dei ikkje har blitt kartlagde, det betyr jo høgst sannsynleg at sosialhjelpsmottakarar har fått mindre i yting enn det dei eigentleg burde ha fått, seier ho.

Helsetilsynet ser på perioden 2022 til 2023. Dette var ein periode kor mange fekk trøbbel med å betale rekningar og matkøane voks.

I Noreg hadde nesten 55.000 personar sosialhjelp som viktigaste inntekt i fjor, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Sosialhjelpsmottakarar er jo ei gruppe menneske som får den lågaste ytinga her i landet. Så det er klart at viss ikkje dei får det dei treng, og får dekt behova sine, så er jo det ganske alvorleg, forklarer Skuland.

REAGERER: Ulikskapsforskar Silje Skuland ser mørkt på funna frå Helsetilsynet. Ho meiner det er alvorleg for barna det gjeld.

I åra 2013 til 2022 har også prisveksten vore høgare for folk med låge inntekter. Dette gjeld særleg dei siste åra, ifølge SSB.

– Det har jo konsekvensar for dei barna det gjeld, først og fremst. Dette med å få kartlagt behova sine, kva slags type aktivitetar ein er i, kva ein bør bli ein del av, seier ulikskapsforskaren.

Lovbrota har skjedd sjølv om det har vore ein auke i kor mange som får sosialhjelp i Noreg. I fjor var auken på 16,4 prosent, samanlikna med året før.

Samtidig har summen av utbetalingane stige med nesten 32 prosent.

Les også Bjørn sliter med byråkratiet etter at han amputerte armen: – Jeg er lei

Også i 2012 gjorde Helsetilsynet ei slik undersøking. Dei er ikkje nådige etter å ha funne lovbrot hos Nav igjen.

– Det er berre å slå fast at det ikkje har blitt betre sidan det førre tilsynet, seier underdirektør Katarina Øi Heidem i Helsetilsynet til NRK, før ho fortset:

– Det er klart det er nedslåande å sjå det, at vi finn dei same brota, seier ho, og viser til undersøkinga i 2012.

INGA BETRING: Nav har ikkje blitt betre på å følge opp barna sidan førre undersøking, fastslår Helsetilsynets Katarina Øi Heidem.

Heidem har leidd arbeidet med den siste kartlegginga.

Det er totalt 264 lokale Nav-kontor i Noreg. Heidem seier at det er vanskeleg å svare på om funna speglar alle Nav-kontor.

– Det er vanskeleg å seie kor representative dei er, men likevel veit vi at dei 68 NAV-kontora er spreidde utover heile Noreg, seier ho.

Heidem forklarer lovbrotet til Nav slik:

– NAV-kontora spør ikkje alltid foreldra kva barna deira treng, og dei innhentar sjeldan barns meiningar og synspunkt på andre måtar, for eksempel gjennom å snakke med barn direkte, seier ho.

Les også En jobbmulighet ble redningen for Michael: – Det betyr alt

Nav-direktør Hans Christian Holte lovar bot og betring.

Kva er beskjeden din til barna som ikkje har fått den oppfølginga som lova krev?

– Alle barn skal bli tatt omsyn til, også når det blir gjort vurderingar som dreier seg om økonomisk sosialhjelp i kvar enkelt kommune og det skal vi følge opp betre framover, seier han til NRK.

LØFTE(BROT): Nav-direktør Hans Christian Holte lovar at Nav skal jobbar for å følge opp barna betre. Det sjølv om etaten ikkje har blitt betre sidan førre tilsyn.

Dette skal dei gjere ved å forsikre at alle Nav-kontor jobbar etter etaten sin eigen rettleiar. Der står det følgande:

«Kan det hende at barn blir direkte eller indirekte ramma av det eg gjer? Viss svaret er ja, må du sørge for at omsynet til behovet til barnet blir varetatt.»

Les også Endelig fikk Ruth (106) nytt høreapparat

Sjølv om Helsetilsynet har avdekt klare lovbrot, er ikkje Holte bekymra for noka form for straffereaksjon.

Ventar NAV noka form for straffereaksjon her?

– Når det gjeld oppfølging av denne rettleiaren og desse funna frå Helsetilsynet, er det ikkje straffereaksjonar, men det er opplæringstiltak og det å sørge for at praksisen er god ute i alle kommunar som er det vesentlege, seier han.

LES MER:

Comments

http://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations