Forsvarte staten under demonstrasjonen – no møter ministeren i retten

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Rett før Terje Aasland skulle gje si vitneforklaring i retten trakk aktor tiltalen mot fem av Fosen-aktivistane.

Forsvarte staten under demonstrasjonen – no møter ministeren i retten

Rett før Terje Aasland skulle gje si vitneforklaring i retten trakk aktor tiltalen mot fem av Fosen-aktivistane.

VITNAR: Energiminister Terje Aasland vitnar i rettssaka mot Fosen-aktivistane.

Vi rapporterer frå Oslo tingrett

Publisert 14.03.2024, kl. 08.53
Oppdatert 14.03.2024, kl. 09.24

– Eg har stor respekt for demonstrantane.

Det seier energiminister Terje Aasland under si vitneforklaring i rettssaka mot Fosen-aktivistane.

Me håpar han vil innrømme at demonstrasjonane direkte førte til anerkjenninga av det pågåande menneskerettsbrotet på Fosen.

Det seier Ella Marie Hætta Isaksen i forkant Aasland si vitneforklaring.

Men Aasland er ikkje einig i at demonstrasjonane førte til anerkjenninga.

– Det arbeidet starta umiddelbart etter Høgsterett avsåg sin dom, seier energiministeren.

Energiminister Terje Aasland møtte aktivistane under Fosen-demonstrasjonane i fjor vår.

Aktor trekker tiltalen mot Fosen-aktivistane som demonstrerte utanfor finansdepartementet og blei arresterte for å ikkje fjerne seg.

– Det er bevistvil rundt kven som fatta den første pågripinga.

Det seier aktor Stian Hermansen i retten.

Her finn aktivistane ut at fem av dei blir frifunnen.

Fosen-aktivistane tok seg inn i resepsjonen på Olje- og energidepartementet (OED) torsdag morgon.

Der blei dei sittande til politiet fjerna dei natt til måndag.

Så demonstrerte dei fram til statsministeren anerkjente det pågåande menneskerettsbrotet på Fosen.

– Som ein direkte konsekvens av at me stengte disse departementa, beklaga statsminister Støre og Terje Aasland for det pågåande menneskerettsbrotet.

Det forklarte Hætta Isaksen første dag i retten.

Totalt er 18 personar tiltalt for å ha brote lova i forbindelse med Fosen-demonstrasjonar i Oslo i fjor vår.

Les også Rettssaka mot Fosen-aksjonistane: – Straffa fordi me har beskytta menneskerettane

LES MER:

Comments

http://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations