Vil gå gjennom alle varslarsaker på nytt

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

­I går fortalde NRK om over 70 varslingssaker mot offiserar i Forsvaret – mange av dei i den øvste leiinga.
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen meiner det er opplagt at Forsvaret sitt omdømme er skadd.

Vil gå gjennom alle varslarsaker på nytt

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen meiner det er opplagt at Forsvaret sitt omdømme er skadd.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen varslar gjennomgang av varslingssaker i Forsvaret.

Publisert 25.05.2022, kl. 07.14
Oppdatert 25.05.2022, kl. 08.15

I går fortalde NRK om over 70 varslingssaker mot offiserar i Forsvaret – mange av dei i den øvste leiinga.

– Vi ser at konsekvensane kjem veldig raskt når det blir varsla mot folk på lågare nivå, men vi ser at det ikkje er mange konsekvensar når det blir varsla mot nokon på høgare nivå, sa leder i Befalets Fellesorganisasjon, Jens Jahren.

No vil forsvarssjef Eirik Kristoffersen at alle varslarsaker blir gjennomgått på nytt.

– Vi går i gjennom alle sakene og ser på dei på nytt etter sakene som har kome fram media, seier forsvarssjefen.

Det gjeld både dei som har kome gjennom forsvarssjefen sin eigen varslingskanal, og dei varsla som er ute i forsvarsgreinene, i hær, luft sjø og heimevernet, understrekar Kristoffersen.

Les om varslingssakene ved å trykke på artikkelen under.

Varslar mot 17 toppleiarar i Forsvaret: Toppleiarar slepper unna, meiner fagforeining

– Dei mest alvorlege varslingssakene viser heilt klart heilt uakseptabel oppførsel, seier forsvarssjefen.

NRK har sett på innhaldet i over 70 varslar, som er meldt inn de to siste åra.

Av dei opne årsrapportane om varsling i forsvarssektoren går det fram at det dei siste åra er levert mellom 100 og rundt 300 varslar per år.

Det har vore ei auke i talet saker som har blitt registrert i dei ulike kanalane for mottak av varslar i forsvarssektoren

Forsvaret vil sjå på om reaksjonane som er gjevne, står i stil med dei overtrampa som er gjort, fortel Kristoffersen.

Han vil og be om ein gjennomgang av heile systemet for varsling i Forsvaret. Inkludert korleis dei handterer og følgjer opp både den som varslar og den som blir varsla på.

– Det er ein stor gjennomgang av korleis dette blir gjort i Forsvaret. Det er mitt ansvar å rydde opp i dette, seier forsvarssjefen.

Måndag skreiv NRK om ein major som fekk fortsette å jobbe i ei viktig stilling på Bardufoss trass i at han vart dømt i retten for å ha forsøkt å presse ein oversersjant i Hæren til å lyge for politiet.

Les meir om dette i artikkelen under her.

Fekk du med deg denne?: Varslaren, offiseren og presset om å lyge


Er Forsvaret sitt omdømme skadd no?

– Ja, opplagt, dette er ein oppførsel vi ikkje skal ha, svarar Kristoffersen.

Han peiker på at det er mange flinke folk i Forsvaret som gjer ein god jobb kvar dag for å sikre eit godt forsvar.

– Dette er dei same folka som skal slost om det gjeld. Og då kan vi ikkje ha ein indre fiende, der enkeltpersonar øydelegg for heilskapen, seier forsvarssjefen.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

– Tillitsvalde seier mange ikkje tør å seie ifrå i dette systemet. Kva synest du om det?

– Det har vist seg at mange ikkje tør å seie ifrå. Det viser desse varslingssakene og, svarar Kristoffersen.

Han peiker på at dei derfor har oppretta ein direkte uavhengig varslingskanal hos forsvarssjefen, og at folk i Forsvaret og kan varsle gjennom Forsvarsdepartementet sin varslingskanal.

– Så vi har varslingskanalar som går utover det vi kallar kommandokjeda, eller å varsle til nærmaste leiar. Då blir det fanga opp, enten hos meg eller hos departementet, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Vet du om andre forhold i Forsvaret NRK burde titte på? Eller vet du mer om denne saken? Ta gjerne kontakt med oss på e-post om du har innspill.

Du kan også sende oss innspill, tips og informasjon kryptert og sikkert via NRKs ekstra sikre varslingsmottak – se hvordan sende inn via NRKs SecureDrop her.

NRKs journalister har tidligere laget flere saker om forhold i Forsvaret, blant annet innen temaer som seksuell trakassering og overgrep i Forsvaret og Forsvarets nedbygging og salg av eiendom.

Vi er alltid interesserte i ny informasjon som gjør at vi kan sette søkelys på forsvarssektoren. Så bare ta kontakt med oss.

Her er flere temaer som tas opp i varsler NRK ...
LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations