Blinde Magnus er fortvila over Nav: – Føler meg så liten

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Magnus får ikkje lese breva som Nav sender han fordi dei tekniske løysingane er for dårlege. – Uverdig, seier 23-åringen.

1. Blinde Magnus er fortvila over Nav: – Føler meg så liten

Magnus får ikkje lese breva som Nav sender han fordi dei tekniske løysingane er for dårlege. – Uverdig, seier 23-åringen.

AKTIV: Magnus Rød frå Sandefjord grip alle moglegheiter livet byr på, sjølv om han ikkje ser noko. No håpar han Nav vil endre måten dei har kontakt med brukarane sine på.

Publisert 26.04.2021, kl. 09.59
Oppdatert 26.04.2021, kl. 16.51

Magnus Rød frå Sandefjord vart fødd med ein misdannelse i auga som gjorde han blind som fireåring.

Det har likevel ikkje stoppa han i å delta i samfunnet på lik linje med alle andre. Han er aktiv student og driv i tillegg sitt eige snikkarfirma.

Alt fungerer så optimalt som det går an i situasjonen hans. Men hos Nav stoppar det.

– Eg synest det er ille at ein etat som har som visjon å gje menneske moglegheiter, jobbar på den måten. Det er uverdig, seier 23-åringen.

Problemet er at det som blir sendt ut av informasjon frå Nav, ikkje snakkar saman med systema Rød brukar for å få lese breva.

– Eg føler meg veldig liten og arrogant behandla. Eg har prøvd å få til eit møte med dei, men det vil dei ikkje. Dei kommuniserer på ei plattform som eg som blind ikkje kan bruke.

– Kva synest du Nav bør gjere?

– Dei bør forbetre både det mellommenneskelege og systema. Dei må vere på plattformer som alle kan nytte seg av. Eg har prøvd å seie ifrå, men blir ikkje høyrd, seier ein oppgitt Magnus Rød.

Magnus driv eige snikkarfirma samtidig som han studerer.

Nav erkjenner at dei kan bli betre på dei tekniske løysingane.

– Vi er i dialog med Digitaliseringsdirektoratet på nokre av løysingane vi ikkje er gode nok på. Det gjeld spesielt det som handlar om universell utforming, seier Espen Sunde, avdelingsdirektør for kanalar i Nav.

Sunde seier dei ikkje er framand for eit møte med Magnus Rød frå Sandefjord.

– Eg synest det hadde vore nyttig å invitere han inn til ein prat. Vi har allereie ein testar i gruppa vår som er blind, og som fortel oss kva som fungerer og ikkje fungerer.

Generalsekretær i Blindeforbundet, Per Inge Bjerknes, seier han synest det er uheldig at Nav ikkje har alle system på plass.

– Det er jo eit krav i 2021 om at nettstader retta mot allmenta skal kunne brukast av alle, også blinde og svaksynte.

Per Inge Bjerknes i Blindeforbundet seier mange blinde føler at dei ikkje blir tekne på alvor av Nav.

Mange føler det som Magnus i møte med Nav, seier Bjerknes.

– Dei føler seg små og ikkje teke på alvor. Når ein har ei funksjonshemning, blir mange møtt med at dei er ressurssvake. Det er utruleg viktig at Nav går føre som eit godt døme og har system som kan brukast av alle.

– Eg håpar at Magnus ikkje blir motlaus av dette. Samtidig håpar eg Nav og andre, i det offentlege og private, lærer av denne historia. At dei ser ressursane folk har og hjelper med det dei skal hjelpe med.

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations