Over 500 personar har fått for lite utbetalt i uføretrygd frå Nav

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Sidan 2015 har Nav betalt ut alt for lite pengar til nokon av dei aller svakaste i samfunnet. Utan Hans Inge Andersen sin innsats, er det ikkje sikkert det hadde blitt oppdaga.

1. Over 500 personar har fått for lite utbetalt i uføretrygd frå Nav

Sidan 2015 har Nav betalt ut alt for lite pengar til nokon av dei aller svakaste i samfunnet. Utan Hans Inge Andersen sin innsats, er det ikkje sikkert det hadde blitt oppdaga.

OPPDAGA FEILEN: Dagleg leiar Hans Inge Andersen ved Vekst Melhus forstår at det kan skje feiltolkingar av regelverket til Nav, men at det er viktig å få retta opp raskt når feil blir avdekt.

Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Publisert 10.04.2022, kl. 21.16
Oppdatert 11.04.2022, kl. 07.39
Del
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Ved ferietider i fjor fekk fleire tilsette ved attføringsverksemda Vekst Melhus brev frå Nav om at dei hadde fått utbetalt for mykje i trygd, og at dei måtte betale tilbake.

For enkelte var det snakk om beløp på over 100.000 kroner.

Nav har oppdaga ein ny feil der 505 personar på varig tilrettelagde tiltak har fått for lite uføretrygd sidan 2015.

Dagleg leiar Hans Inge Andersen søkte hjelp hos bransjeforeininga Arbeidssamvirkenes Landsforening (ASVL) for å undersøke om kravet kunne stemme.

– Då fann vi ut at kravet var feil, og så tok eg kontakt med Nav på vegner av kvar enkelt. Der var dei veldig imøtekomande, og vi fekk etter kvart ordna opp i sakene, seier han.

Andersen seier det var mange som fekk seg ein støkk då dei fekk brevet.

– Det var fleire som varsla at dei ikkje hadde råd til å jobbe her dersom dette stemte. Heldigvis var det berre ei feiltolking.

Les også: Trygdemottakarar feilaktig dømde etter feil tolking av regelverket

Feilen som hadde skjedd, var at Nav hadde feiltolka sitt eige regelverk. Dei tilsette ved Vekst Melhus er ein del av tiltaket «Varig tilrettelagt arbeid» (VTA). Dei kan tene opp eitt grunnbeløp i folketrygda, 1G, utan å få trekk i uføretrygda.

Men Nav brukte i staden regelen for dei som ikkje er på VTA-tiltak, som kan tene 0,4G utan å få trekk.

Etter ein gjennomgang av rutinane viser det seg at feilen omfattar 505 uføretrygda, som no skal få betalt tilbake opp mot 200.000 kroner pluss renter på grunn av for store trekk.

– Vi beklagar til alle som er ramma av dette. No er vi opptekne av å få etterbetalt pengane, og sørge for at dette ikkje skjer igjen, skriv Nav-direktør Hans Christian Holte i ein e-post til NRK.

Nav-direktør Hans Christian Holte lovar at dei skal rydde opp i feila som har blitt gjort mot over 500 personar som har vore ein del av arbeidsmarknadstiltaket «Varig tilrettelagt arbeid»

Nav fekk tips om feilen i november i fjor. Dei har etter det gått gjennom perioden 2015–2021 for å få sjå kor omfattande feilen er. I tillegg undersøker dei om det har kome til fleire tilfelle i år.

– Vi har hatt ein svikt i dei manuelle rutinane våre. No veit vi at det er 505 personar som har fått trekk i uføretrygd, skriv Holte.

Les også: Kommer med skarp kritikk i trygdeskandalen: – Uforbeholden unnskyldning

Ein av dei som jobbar ved Vekst Melhus er Jan Petter Vollum som har jobba som kokk der dei siste 12 åra. Han seier enkelte fekk feilaktige krav om å betale tilbake over 10.000 kroner i trygd.

– Det var enkelte som tok det veldig tungt, og som fekk det vanskeleg på grunn av dette. Det er mange som har ein pressa økonomi her, seier han til NRK.

Jan Petter Vollum har jobba som kokk ved Vekst Melhus i over 12 år.

For dei som jobbar ved Vekst Melhus er jobben veldig viktig langt ut over det økonomiske, seier Vollum.

– Hadde ikkje eg hatt denne jobben, hadde eg blitt sittande heime. Eg har jobba her i 12 år no. Det er ikkje så mykje lønn å snakke om, men eg kjem meg ut og møter andre menneske. Verksemda legg også til rette for bowlingturar, bussturar og fisketurar, seier han.

Seniorrådgjevar Jens Gram i ASVL seier dei tipsa Nav fordi dei hadde fått meldingar om enkelthendingar, og frykta dette kunne omfatte fleire enn det først kunne sjå ut til.

– Dette er ei gruppe som har vanskar med å oppdage slike ting sjølve. Vi frykta difor dette kunne vere eit større problem enn det kunne sjå ut til.

Gram seier feilen truleg kunne oppstå fordi Nav måtte behandle sakene manuelt, og då kan det fort skje feil. Difor er han glad for at Nav no tek grep om sakene.

– Vi er gjort kjent med at Nav no går gjennom sakene for å sikre at alle som har fått eit trekk i trygda får det etterbetalt. Og så reknar vi med at Nav gjer noko med rutinane for å hindre at liknande ting skjer i framtida, seier Gram.

Les også: Jobbsuksess: David (23) unngikk et liv i utenforskap

Forbundssekretær Hege Espe i Fellesforbundet hadde ikkje høyrt frå Nav om feilen, og leste i media fredag om at medlemmar i VTA-arbeid var ramma.

– Dette er arbeidstakarar med for eksempel Downs syndrom, eller som har skadd seg i yrkeslivet og kanskje slit med store helsemessige problem. Dette er sårbare arbeidstakargrupper, seier ho til NRK.

Ho er overraska over at Nav bruker manuelle system for å sørge for at VTA- gruppa får rette utbetalingar.

Forbundssekretær Hege Espe i Fellesforbundet synest det er rart at Nav må bruke manuell behandling for å sørge for at dei som er ein del av VTA skal få korrekte utbetalingar.

–VTA-tilsette er ei sårbar arbeidsgruppe der mange ikkje umiddelbart klarer å sjekke alle offentlege papir. Mange har verje, så dette er ei gruppe vi må forvente at det offentlege verkeleg tek ansvar for å gi ei skikkeleg saksbehandling.

Nav har enno ikkje fått gått gjennom alle sakene, så det er uvisst kor mykje pengar som må betalast tilbake. Men eit tilfeldig utval av 50 saker viser at 9 personar skal ha etterbetalt over 100.000 kroner, og ein person skal ha tilbake over 200.000 kroner. I tillegg skal det betalast renter.

Les også: Nav-reformen skulle få flere i arbeid og færre på trygd – for unge har det motsatte skjedd

Forbundsleiar i Norsk Forbund for utviklingshemma, Tom Tvedt, seier at dei forventar at Nav no går gjennom kvar enkelt sak og rettar opp.

– Det vil vera heilt naturleg for oss å gå saman med arbeidslivsorganisasjonane og Fellesforbundet og ber om eit møte med Nav over påsken, slik at me får sjå at dette både føregår ordentleg og at alle som er råka av dette får den oppreisninga og tilbakebetalinga som dei har krav på.

 

Nav-skandalen

Gjenopptakelseskommisjonen har bestemt at 36 mennesker som er dømt for trygdemisbruk, får sakene sine opp til ny behandling. Over 7000 trygdemottakere har fått omgjort sine saker etter at Navs feiltolkning av EØS-reglene ble avslørt i 2019.

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations