Den automatiske straummålaren var offline i fleire år – fekk sjokkrekning på 77.000 kroner frå BKK

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Det unge paret måtte krangle med nettselskapet etter at det vart oppdaga at straummålaren ikkje var kopla til nettet. Først da NRK tok kontakt snudde dei.

Den automatiske straummålaren var offline i fleire år – fekk sjokkrekning på 77.000 kroner frå BKK

Det unge paret måtte krangle med nettselskapet etter at det vart oppdaga at straummålaren ikkje var kopla til nettet. Først da NRK tok kontakt snudde dei.

MÅTTE KRANGLE: Ole Fredrik Borge Olsen og Camilla Frøysa, med sonen Oliver, måtte kjempe i mange rundar på telefon med nettselskapet. No håpar dei andre kan lære av det som hendte med dei.

Vi rapporterer frå Bergen

Publisert 27.08.2022, kl. 08.30

– Eg fekk ganske sjokk, seier Ole Fredrik Borge Olsen (22), om då han opna rekninga frå straumselskapet.

Den vesle familien på tre, snart fire, bur på Nyborg i Bergen.

Dei leiger ein bustad på rundt 100 kvadrat, og har eit gjennomsnittleg straumforbruk.

Men sjølv med dagens straumprisar, kunne dei ikkje tru sine eigne auge då dei såg rekninga.

Den var på 77.883 kroner.

3,5 gongar meir enn kva dei hadde betalt for eit heilt år.

– Det er ganske drygt. Me tenkte med eingong at dette må vera feil. Det går ikkje an å bruka så mykje straum, seier sambuar Camilla Frøysa (21).

Rekninga skulle betalast på få veker.

Ein månad skil seg ut frå dei andre.

Det heile starta då paret flytta inn i leilegheita i sommaren 2021.

Då straumprisane byrja å auka, valde dei å byta straumselskap frå Fjordkraft til Agva.

Men då dei bytte, fann det nye selskapet ut at straummålaren ikkje var kopla til nettet.

Det er nettselskapet som står ansvarleg for å installera og drifta straummålaren.

I dette tilfellet er det BKK, som Olsen tok kontakt med i vinter.

Han fekk beskjed om at dei hadde mykje å gjera, og at dette kom til å ta lang tid.

Først etter fem månadar, i juni 2022, kom BKK innom, og kopla målaren til nettet.

Månaden etter fekk dei den enorme straumrekninga.

Ole Fredrik passar på at Oliver (1) ikkje brukar 50.000 kWt på ein månad.

I det siste har rekninga vore det einaste Olsen har tenkt på.

– Det har vore mykje telefonsamtalar fram og tilbake, seier Olsen.

Ifølge Forbrukerguiden er eit gjennomsnittleg forbruk for ein einebustad på 100 kvadrat rundt 16.000 kWt i året, altså rundt 1330 i månaden.

I rekninga til det unge paret, var det 48.000 kWt som var registrert, men ikkje betalt for. Altså tre gonger meir enn eit gjennomsnittleg forbruk.

Dette er kWt som må betalast med satsane i august, då den eine prisrekorden slår den andre.

Då han tok kontakt med BKK, fekk han beskjed om at rekninga måtte betalast, sjølv om han berre hadde leigd der i eit år.

Denne meldinga fekk Ole Fredrik av BKK etter at NRK tok kontakt med dei.

BKK har ansvaret for over 260.000 straummålarar på Vestlandet.

Ifølge leiar for kunde- og energidata i BKK nett, Mads Didriksen, slit dei med å få kontakt med eit par av dei, fordi dekninga er dårleg.

Han understrekar at sjølve målaren viser ikkje feil, men det er kommunikasjonsdelen av målaren som sviktar.

– Når me ikkje har kommunikasjon med målarane, spør me kunden etter ei avlesing. Når me ikkje får det, stipulerer me forbruket, seier Didriksen.

I dette tilfellet har kunden brukt meir straum enn det som blei stipulert.

Dette fant BKK Nett ut av då dei omsider fekk kontakt med straummålaren, og fekk korrekt data inn.

Mads Didriksen i BKK Nett seier at dei har forsøkt å kontakta kunden og bedd han senda inn målaravlesing.

BKK har ikkje hatt kontakt med straummålaren sidan han vart installert i 2019. Dei fekk ordna opp i det då dei installerte eit nytt modem i år.

Dette modemet var ikkje tilgjengeleg då straummålaren var ny.

Det unge paret flytta inn to år seinare.

BKK seier at dei har gitt beskjed til både noverande og tidlegare leigetakar om at dei måtte senda inn målaravlesing, men utan å få svar frå kunden.

NRK har snakka med utleigaren, som på si side seier at han ikkje var klar over at straummålaren ikkje var i orden.

Kven har ansvaret her, BKK?

– Me eig målaren, og jobbar med å sikre kommunikasjonen. Dei me mister kontakt med, sender me informasjon til og ber kunden sende inn avlesinga.

– Kunden har ansvar for å sende inn avlesing når vi ber om det, viss ikkje risikerer kunden å få ekstra høg faktura med stort etterslep, seier Didriksen.

Leigetakar Olsen stadfester at han fekk beskjed om å senda inn verdiar, men hevdar han fekk beskjed av huseigar at det ikkje var naudsynt.

Olsen har brukt mykje tid på å få fjerna rekninga og få hjelp frå BKK.

Etter at NRK tok kontakt med BKK skjedde det noko.

Same dag vi tok kontakt har dei vald å avskriva etterslepet for å «bli ferdig med saka».

Camilla Frøysa og Ole Fredrik Borge Olsen, er glad for at det løyste seg, og håpar å kunne åtvara andre i tilfelle dei hamnar i same situasjon.

– Det er litt rart at dei droppa det etter at media tok kontakt, seier Olsen.

Seniorrådgjevar i Forbrukarrådet, Thomas Iversen, seier at nettselskapet ikkje kan krevja at paret må betala heile summen.

– Det høyrast ut som ein veldig kjedeleg situasjon for dette unge paret. Heldigvis har dei, i verste fall, berre plikt å betala etterslepet for den perioden dei har budd i leilegheita, seier Iversen til NRK.

Thomas Iversen i Forbrukarrådet er glad for at situasjonen ordna seg.

Han legg til at å slette rekninga er det einaste riktige, og håpar at BKK hadde kome til same konklusjon, sjølv om NRK hadde vore i kontakt eller ikkje.

Forbrukarrådet er ikkje kjent med at dette skjer ofte, og har råd til personar som ender opp i same situasjon.

Eg jobbar som journalist i Hardanger. Har du tips til saker eg burde dekka? Ikkje nøl med å ta kontakt med meg!

Les også: Straumprisen gir «eksplosjon» i talet på folk som dusjar på treningssenter

 LES ALT:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations