Inkassoselskapa krev hundretusenar frå svindeloffer

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

­Ti inkassobyrå fyller postkassa til Adam med krav. – Det knekk ein heil familie, seier Adam.
For fem år sidan gav han bankbrikka si til det han trudde var ein ven som skulle hjelpe han med å få lån.

Inkassoselskapa krev hundretusenar frå svindeloffer

Ti inkassobyrå fyller postkassa til Adam med krav. – Det knekk ein heil familie, seier Adam.

Illustrasjonsbilete av bunke med fakturaer.

Publisert 23.12.2022, kl. 07.14

Adam skuldar inkassobyråa minst 1.228.886 kroner. Kvar dag har gjelda stige med opp mot 300 kroner berre i renter.

NRK brukar ikkje det riktige namnet hans. Han er i trettiåra, har fleire små barn og kjenner stor skam over gjelda.

For fem år sidan gav han bankbrikka si til det han trudde var ein ven som skulle hjelpe han med å få lån.

– Eg var veldig sjuk og trudde eg skulle døy. Eg ville etterlate ei leilegheit til kona og barna mine. Eg var i en desperat situasjon, seier Adam til NRK.

Han og 11 andre ventar no på at svindeltiltalte Shakeel Muzaffar skal møte i retten. Shakeel blei etterlyst internasjonalt og NRK fann han i Romania. Då sa Shakeel at han ikkje har lurt nokon. Politiet har framleis ikkje arrestert han og rettssaka er utsett.

I mellomtida har gjelda til Adam bytt hender. Bankane har selt gjelda til inkassobransjen.

– Det knekk ein heil familie.Etter at eg hadde vore inn og ut av sjukehus, prøvde eg å ringe alle inkassoselskapa i Noreg for å finne ut kven som hadde kjøpt gjelda. Eg gav opp. Det var umogleg å få oversikt, seier han.

Adam føler seg skuldig i og med at han stolte på Shakeel: – Eg gav frå meg kodebrikka. Eg føler eg har fått nok straff ved å ha den gjelda på nakken.

Finanstilsynet understrekar at inkassobyråa har eit ansvar i den type saker som Adam si.

– Dersom ein som skuldar pengar meiner seg svindla, er dette noko vedkommande må ta opp med banken og politiet. Inkassoføretaket må i slike tilfelle stanse inndrivinga, svarer seksjonssjef Jo Gjedrem.

Finanstilsynet, ved seksjonssjef Jo Gjedrem, presiserer at bankane berre kan drive inn rettmessige krav.

Ein kredittsjekk NRK har gjort, med tillating frå Adam, viser at ti ulike selskap har kjøpt opp gjelda direkte, eller har tatt på seg gjelda på vegner av andre. På gjelda får Adam renter på opp mot 300 kroner dagen, og i tillegg kjem ulike smågebyr.

Selskapa kan også krevje opp til 12.600 kroner ekstra, ein såkalla «inkassosalær», i saker der gjelda er over 250.000 kroner. I 99 av 100 tilfelle vel inkassobyrået den høgaste satsen, ifølge Forbrukerrådet.

Til saman skal gjelda til Adam ha stige over 500.000 kroner sidan 2017.

Finans Norge, som organiserer inkassobyråa, meiner gebyra er på eit riktig nivå:

– Det er låge gebyr når sakene blir raskt løyst. Så er det naturlegvis slik at det kostar meir å følge ei sak over lang tid, den blir meir kompleks. Difor aukar gebyra også, seier direktør Eddy Kjær.

Dei fem største inkassoselskapa i Noreg omsette åleine for 2,6 milliardar kroner i 2021 – og sat igjen med litt over 400 millionar kroner.

Alle desse fem selskapa krev no pengar av Adam. Desse skriv til NRK at dei gjerne vil vere i dialog med gjeldsoffer som ikkje kan betale.

– Inkassobransjen følger eit veldig strengt regelverk i denne innkrevjinga og inkassobransjen oppfordrar til dialog undervegs for å finne løysingar der det er mogleg, seier Kjær i Finans Norge.

Inkassolova vart til i 1988, og ei utgreiing til ny lov starta for fire år sidan.

Per-Willy Amundsen (Frp), som er leiar av justiskomiteen, krev no at regjeringa ryddar opp.

– Det er totalt urimeleg at personar som er utsett for kriminalitet som svindel og ID-tjuveri skal få lagt stein til byrda av selskap som er ute etter å tene veldig store pengar, seier Amundsen.

Han er uroa fordi han trur mange fleire enn Adam vil få problem med å betale faste utgifter framover, og at dei då vil oppleve å få inkassokrav med gebyr og renter.

Per-Willy Amundsen (Frp) er stortingsrepresentant og leiar av Justiskomiteen på Stortinget.

– Mange kjem til å hamne i eit uføre, dessverre, og kjem til å oppleve inkassoselskap som er ganske rå og brutale med dei gebyra dei opererer med.

Han meiner Regjeringa er langt på overtid med å levere ei ny inkassolov.

– For det første må ein stille nokre krav til dei som driv inn pengar av personar som er utsett for kriminalitet, så må gebyra ned. Det er ikkje meininga at dette skal vere ein bransje som har superprofitt når folk får store gjeldsproblem.

Statssekretær Hans-Petter Aasen i Justisdepartementet seier Regjeringa vil prioritere den nye lova Amundsen spør etter:

– Det går føre seg eit stort lovarbeid i departementet. Vi vil ferdigstille dette så raskt det lar seg gjere. I dette arbeidet er det viktig å både vareta personar som er i ein svært krevjande økonomisk situasjon, og omsynet til at ein må innfri dei krava ein har pådratt seg, seier Aasen.

LES OGSÅ:

Les også: Professor: – Bankbrikkene må vekk

Les også: Svindel­offer blir sittande att med gjelda

Les også: Han har vært på flukt i flere måneder – så tok NRK opp jakten

Les også: Jakten på Shakeel: Dette gjør politiet nå

Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Økonomi

Bruker 40 000 i døgnet for å holde dyra varme

Matkøene blir stadig lenger: – En akutt fattigdomskrise

Massasjesalongene

I nesten to år har NRK Brennpunkt undersøkt thaimassasjebransjen i Norge.

Ola (22): – Min aller største frykt er ensomhet. Å dø ensom

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations