Kvinne møtte i retten for musedrap

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Ei kvinne måtte møte i retten fordi ho hadde laga ei spesiell musefelle. Politiet meiner fella er ulovleg.

Kvinne møtte i retten for musedrap

Ei kvinne måtte møte i retten fordi ho hadde laga ei spesiell musefelle. Politiet meiner fella er ulovleg.

MUSEFELLE: Linda Strand laga denne musefella, som ho no måtte møte i retten for.

Publisert 04.07.2023, kl. 12.16

Eit innlegg på Facebook førte til at Linda Strand vart meldt til politiet av dyrevernorganisasjonen Noah.

Ho hadde lagt ut eit bilde av ei musefelle ho hadde laga, som ho meinte var effektiv. Noah meinte denne var ulovleg.

Politiet etterforska saka, og gav kvinna ei bot på 6000 kroner. Men denne godtok ho ikkje. Derfor måtte ho møte i retten.

– Eg meiner eg gjorde det eg kunne for å berge hus og heim, seier Linda Strand.

Linda Strand forklarer at huset ho budde i var full av mus, og dei prøvde alt mogleg for å bli kvitt problemet.

Linda Strand bur i eit hus som er over 400 år gamalt. Då dei flytta inn i huset hadde det stått tomt lenge, og det krydde av mus, forklarer ho.

Ho prøvde alt mogleg. Musefeller, gift, høgfrekvent lyd som skulle skremme vekk mus. Ho skaffa seg også ein ekstra katt for å bli kvitt problemet. Men ingenting fungerte.

– Eg brukte støvlar inne når det var på det verste, det var døde mus over alt, forklarer ho i retten.

Til slutt lagde ho ei eiga musefelle. Og den var effektiv. Ho meiner ho tok livet av eit tresifra tal mus, og opplevde at problemet med mus vart mindre.

Musefella var veldig effektiv, ifølge Linda Strand.

Advokaten til kvinna, Thor Kleppen Sættem, meiner Strand bør frifinnast.

– Ho er heilt samd i at dyr skal behandlast og avlivast på ein forsvarleg måte. Men hennar problem var at det var så mange mus, at det var heilt umogleg å bli kvitt problemet med musefeller og gift.

Vidare fortel han at kvinna ikkje var ute etter at musene skulle lide, men at dette vart løysinga på problemet.

Politiet på si side meiner at fella var ulovleg. Grunnen til det er at musa ikkje døydde med ein gong.

– Vi meiner at ei sånn bøttefelle ikkje er ein tilstrekkeleg forsvarleg avlivingsmetode av mus, seier aktor i saka, Christian Asdahl.

Politiet meiner at kvinna har brote Dyrevelferdslovens §37, for å ha avliva dyr på ein ikkje dyrevelferdsmessig forsvarleg måte.

Aktor i saka, Christian Asdahl, meiner kvinna bør straffast.

I rettssaka hadde dei mellom anna henta inn eit vitne som fortalde om kva ei slik felle gjer med mus.

– At det ikkje er snakk om ein momentant død, sånn som tilfellet er ved ei klassisk musefelle. Musene blir påførte ein del liding i ei sånn bøtte før dei druknar, dei meiner at det er det som er i strid med lova, seier Asdahl.

Han er samd i at saka er spesiell, fordi det ikkje er noko tilsvarande saker på drukning av mus.

– Eg har lagt fram ei sak i retten som går på drukning av kylling tilbake i 1975. Men alle saker er ulike, og det er stadig nye ting som dukkar opp, seier han.

Aktor ber om at Linda Strand må betale ei bot på 7000 kroner, og sakskostnader.

Thor Kleppen Sættem saman med Linda Strand i retten.

Advokat Thor Kleppen Sættem ber om at Linda Strand blir frifunnen. Han meiner at saka kjem til å ha enorme konsekvensar dersom retten meiner at dette er straffbart.

– Då kjem det til å vere hundrevis, om ikkje tusenvis av menneske rundt om i heile Noreg som har gjort den same handlinga. Som då blir dømt indirekte gjennom at ho blir dømd, så eg håpar inderleg at tingretten landar på at ho blir frifunnen.

Dommen i saka er venta mellom 10. og 12. juli.

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations