Mangla et tal på registreringsnummeret og fekk parkeringsbot: får støtte frå varaordførar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Sjølv om Jan Inge Reilstad betalte for å parkera, fekk han bot. Parkeringsselskapet forstår irritasjonen, men står likevel på sitt.

Mangla et tal på registreringsnummeret og fekk parkeringsbot: får støtte frå varaordførar

Sjølv om Jan Inge Reilstad betalte for å parkera, fekk han bot. Parkeringsselskapet forstår irritasjonen, men står likevel på sitt.

Jan Inge Reilstad håper parkeringsbota han fekk kan engasjere til å få fram ein ukultur hos parkeringsselskap.

Publisert 03.02.2023, kl. 20.00

– Det er som å bu i ei systemverd utan menneskeleg skjønnsaspekt. Det er openbert ein motvilje mot å bruka skjønn.

Det seier Jan Inge Reilstad, som denne veka stod som eit stort spørjeteikn ved bilen sin då han såg bota under vindaugsviskaren.

Han hadde jo betalt for parkeringa. Kva kunne årsaka då vera?

Bota på 660 kroner var straffa han fekk for ein tastefeil. Han hadde nemleg gløymt å tasta inn det siste sifferet i registreringsnummeret på parkeringsautomaten.

– Det burde ikkje vere mogleg, meiner eg, seier Reilstad til NRK.

Han var rask med å klage.

– Eg likar ikkje systemtenking, og håper klagen kan engasjera til å få fram ein ukultur hos parkeringsselskapa. Dei kan bruka skjønn, og la vera med å gi nokre bøter, seier Reilstad.

Han presiserer også at det er dei som lagar reglane og systema som parkeringsvaktene må følgja han kritiserer.

Likevel, klagen til parkeringsselskapet Apcoa nådde ikkje fram.

Han fekk ikkje medhald.

«Du har betalt/registrering parkering for registreringsnummer PR1461, mens bilen som stod parkert har registreringsnummer PR14611. Betaling med feil registreringsnummer gir dessverre ikke grunnlag for ettergivelse av kontrollsanksjon», står det i svaret han fekk.

Jan Inge Reilstad delte dette innlegget på Facebook etter å ha fått avslag på klagen.

Carl-Erik Martinsen som er driftsdirektør hos Apcoa parkering har forståing for at bota Reilstad fekk var irriterande, og han forstår også kritikken.

– Han har eit poeng når det kjem til «systemverda». Våre betjentar søker på dei registreringsnummera som står parkert på eit området. I retur får dei ei stadfesting på at desse køyretøya har gyldig billett eller tillating.

Martinsen seier at når det vart oppgitt feil registreringsnummer, vil ikkje parkeringsvakta få stadfesting på at betaling har skjedd.

Han understrekar at det blir brukt skjønn i andre høve, når parkeringsvaktene deler ut bøter.

Eksempel på dette kan gjelde vêrforhold som gjer det vanskeleg å sjå oppmerkingar og kø når det gjeld betaling.

– Ein føresetnad vil vere at våre betjentar har høve til å vurdera situasjonen. I tilfelle som her er beskrive vil ikkje betjenten ha meir informasjon enn ei eventuell stadfesting på betaling, seier han

Sjølv om ikkje Reilstad får medhald i klagen sin, klarte han i alle fall å skapa eit engasjement då han la historia ut på Facebook.

Ein av dei som støttar kritikken mot eit firkanta syn innan digitale parkeringsløysingar er varaordførar i Sandnes Pål Morten Borgli (Frp).

Borgli opplevde sjølv opplevd å få bot, fordi han trykka på feil parkeringsområde. Han betalte for parkeringsområdet på andre sida av vegen frå der han sjølve stod.

Pål Morten Borgli får mange meldingar om parkeringsselskap.

– Om det er slik i den digitale verda, at ein ikkje kan slå eit siffer eller ein bokstav feil så har me ei utfordring, og det slår tilbake på bransjen sjølv.

Han seier at han får fleire førespurnader som folkevald, frå folk som opplever at parkeringsselskap ikkje bruker sunn fornuft.

Han meiner det må vera litt rom for slinger i valsen, sjølv om forbrukarar sjølvsagt skal følgja reglane.

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations