No kjem ferjekutta – nesten alle samband i Møre og Romsdal vert råka

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Kutta kan berre vere byrjinga, ifølgje politikarane. Senterpartipolitikar fryktar avfolking og rasering av kysten.

No kjem ferjekutta – nesten alle samband i Møre og Romsdal vert råka

Kutta kan berre vere byrjinga, ifølgje politikarane. Senterpartipolitikar fryktar avfolking og rasering av kysten.

Bommane kjem til å verte senka tidlegare på mange ferjer over heile fylket om forslaga vert vedtekne.

Vi rapporterer frå Molde

Publisert 01.03.2023, kl. 10.59
Oppdatert 01.03.2023, kl. 15.55

– No får vi det svart på kvitt, eller heller raudt på kvitt, kva dette betyr. Det er nærast ein massakre av ferjetilbodet i fylket vårt.

Leiar av samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim (Sp), meiner forslaget som no står på storskjermen i møterommet vil føre til avfolking og rasering av livet på kysten.

Det første kuttforslaget for ferjene i fylket vert lagt fram i samferdsleutvalet i Molde onsdag.

So å seie alle ferjesamband i Møre og Romsdal vil få kutt om forslaga går gjennom. Du kan sjå oversikta lenger nede i saka.

Nesten alle ferje- og hurtigbåtsamband vert råka av kutt om samferdsleutvalet sitt forslag vert vedteken. Dei raude rutene får kutt, medan dei grøne er uendra. Du kan sjå dei konkrete forslaga lenger nede i saka.

Eit ekspertutval har føreslege eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane når elleve fylke skal verte 15 – eit system der mellom anna Møre og Romsdal er ein av dei store taparane.

Kuttet som vert føreslege i dag er eit resultat av ei underfinansiering Sørheim meiner Møre og Romsdal fylkeskommune allereie har på minus 200 millionar kroner.

Leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim, fryktar at kuttlista som vert lagt fram berre er byrjinga.

I tillegg kjem ytterlegare 188 millionar kroner i minus, som følgje av det nye inntektssystemet som regjeringsutvalet har føreslege.

– Om ekspertutvalet får det som dei vil, må vi kutte tre gongar so mykje som det vi har føreslege i dag, seier Sørheim.

Ho seier likevel at alle kutt ikkje vil bli tekne på eitt einaste år.

– Men det vert mest sannsynleg ei overgangsordning som ein langsam død, seier Sørheim.

Fleire politikarar som er med på møtet rettar sterk kritikk mot dei føreslegne kutta.

– Dette er som eit havari. Det øydelegg for butilbodet i fylket og slår beina under alt, seier ordførar i Molde og høgremann Torgeir Dahl.

KRF-politikar Randi Walderhaug Frisvoll spør etter kvar samferdsleministeren er når so alvorlege kutt vert lagt fram:

– Ferjene er sjølve blodåra i fylket. Skal vi attende til tida vi gjekk over fjella og banka på for å få overnatting?, spør ho ut i salen.

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal er samla i Molde for å diskutere ferjekutta. Stemninga i salen var prega av frustrasjon og sinne då kutta vart presenterte.

Lilly Gunn Nyheim (Ap) meiner Møre og Romsdal står i fare for å verte nedlagd som distrikt om sentrale politikarar ikkje tek inn over seg at ferjer er dyre i drift.

– Dette her må vi få stoppa, seier Nyheim.

– Det verkar som vi har ei regjering som er heilt handlingslamma, seier Jan Steinar Engeli Johansen, vara stortingsrepresentant frå Frp.

NRK har snakka med samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap). Han vil ikkje svare på NRK sine spørsmål onsdag, men seier han vil kommentere saka på eit seinare tidspunkt.

Lilly Gunn Nyheim (Ap) seier, som dei fleste andre politikarar på dagens møte, at kutta som vert lagt fram er både drastiske og sjokkerande.

FRP-politikar Jan Steinar Engeli Johansen meiner at slike drastiske kutt ikkje ville ha kome om hass parti sat i regjering.

Leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim, fryktar kva som vil skje i neste runde med kutt – ein runde ho er viss om vil kome.

Skular og kultur over ferjeturar

Dei aller fleste kutta i både ferje- og hurtigbåttilbodet er dei tidlege og dei seine avgangane.

Sørheim fryktar dette vil gjere at folk ikkje lenger kan jobbe skiftarbeid som startar tidleg, nytte kulturtilbod andre stadar og at ungdom ikkje kjem seg til og frå. I tillegg meiner ho det vil gå utover næringslivet som driv med transport på ferjene.

– Kvifor vel fylkeskommunen å kutte so mykje i ferjedrifta?

– Vi kan ikkje ta meir enn vi allereie har gjort frå våre vidaregåande skular, vegvedlikehald og kultur. Dessutan vil det ikkje monne når vi skal kutte 200 millionar kroner i første omgang, svarar Sørheim.

Om kutt i samferdsle på til saman litt under 400 millionar kroner skulle verte vedteke, vil det verte dramatisk for øysamfunn og livet på kysten, meiner politikaren.

– Vi kjem ikkje til å kjenne att fylket vårt. Dette vert som å ta vekk ein del av vegen i store delar av fylket store delar av døgnet, seier Sørheim.

Les også:: Njål vurderer å flytte fordi ferjekaia på heimstaden blir lagt ned

NRK kan leggje fram den føreslegne kuttlista på ferjesambanda i Møre og Romsdal som fylkeskommunen er ansvarleg for.

So og seie alle ferjene i fylket, sett bort frå turistferja som går i sesong inn til Geiranger, får kutt:

Nesten alle ferje- og hurtigbåtsamband vert råka av kutt om samferdsleutvalet sitt forslag vert vedteken. Dei raude rutene får kutt, medan dei grøne er uendra. Du kan sjå dei konkrete forslaga lenger nede i saka.

Samla venta innsparing: 3,5 millionar kroner.

Samla venta innsparing: 4,2 millionar kroner.

Samla venta innsparing: 2,66 millionar kroner.

Samla venta innsparing: 1,2 millionar kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 3,7 millionar kroner.

Alternativ 2 er å endre ein god del av rutetidene og redusere talet på turar. Då er den samla venta innsparinga 3,8 millionar.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 3,05 millionar kroner.

Alternativ 2 er å ikkje kutte dei siste avgangane laurdagskvelden. Venta innsparing er då 3,25 millionar.

Samla venta innsparing: 1,45 millionar kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 3,75 millionar kroner.

Samla venta innsparing: 2,15 millionar kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 2,7 millionar kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 2,7 millionar kroner.

Desse avgangane i vinterruta vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 4 millionar kroner.

Desse avgangane i vinterruta vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 840.000 tusen kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 6,25 millionar kroner.

Desse avgangane med B- og C-ferja vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 4,95 millionar kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Venta samla innsparing: 1.1 millionar kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 1,7 millionar kroner.

Samla venta innsparing: 2,55 millionar kroner.

Samla venta innsparing: 1,7 millionar kroner

Samla venta innsparing: 2 millionar kroner

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Samla venta innsparing: 5,15 millionar kroner.

Dei statlege ferjestrekningane; Molde–Vestnes, Festøya–Solavågen, Halsa–Kanestraum og Volda–Folkestad, vert ikkje råka av fylkeskommunen sine kutt.

I tillegg til ferjene er der føreslege fleire kutt i hurtigbåtrutene:

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Venta innsparing: 1.211.000 kroner.

Venta tapte inntekter: 100.782 kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Venta innsparing: 3.070.640 kroner.

Venta tapte inntekter: 170.766 kroner.

Desse avgangane vert føreslått kutta:

Venta innsparing: 336.965 kroner.

Venta tapte inntekter: 70.235 kroner.

Samla sparing på hurtigbåtar: 4.276.822 kroner i året.

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations