Norske verft meiner dei blir utestengde frå stor forsvarskontrakt

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Bransjeorganisasjon ber Stortinget trykke på naudbremsen.

Norske verft meiner dei blir utestengde frå stor forsvarskontrakt

Bransjeorganisasjon ber Stortinget trykke på naudbremsen.

Kimek verft i Kirkenes. Foto: Gunnar Sætra / NRK

Bransjeorganisasjon ber Stortinget trykke på naudbremsen.

Staten planlegg å skaffe inntil 28 standardiserte fartøy til Sjøforsvaret og Kystvakta, i tillegg til fartøy for eksport.

Forsvarsdepartementet og Forsvarsmateriell (FMA) har stadfesta at skroga til desse fartøya kan byggast i utlandet.

Det er kvalifikasjonskrava frå FMA som skaper reaksjonar frå verft.

Organisasjonen Norske skipsverft meiner norskeigde verft blir ekskluderte av krava.

FMA krev eigenkapital på 1000 millionar kroner, altså ein milliard, ifølgje organisasjonen. Det kan sjølv ikkje dei tre største norske verfta klare samla.

– Krava er så strenge til omsetning og eigenkapital at ingen norske skipsverft vil klare å innfri dei krava, seier dagleg leiar Asle Strønen.

Han meiner intensjonen til Stortinget var at når skipa skulle byggast, så skulle også norskeigde verft kunne komme med anbod.

No har Norske skipsverft, som representerer 22 verft, sendt brev til Stortinget om at dei skal pålegge regjeringa om å endre krava.

Les også

Vil bygge forsvarsbåtar: – Eg håper vi får ei viktig rolle

– Me snakkar om ein auke på ansvar som er heilt urimeleg i forhold til det som er oppdraget, nemleg anskaffing av nokon flotte båtar, seier Strønen.

Dei meiner FMA bommar på bestillinga frå Stortinget.

Asle Strønen

Dagleg leiar i organisasjonen Norske skipsverft

Foto: Hans Olav Landsverk

Dersom verft går saman for å konkurrere, vil krava likevel gjelda kvart enkelt verft, ifølgje organisasjonen. Det utgjer mellom 21 og 270 gonger eigenkapitalen deira.

I tillegg reagerer Norske skipsverft på at prekvalifiseringa opnar for at heile skroget kan byggast av utanlandske verft, utan krav om norsk eigarskap eller at dette skjer i eit Nato-land.

– Kanskje det er slik at skrog som blir bestilte i utlandet kan bli forstyrra av til dømes eskalering av krigen i Ukraina. Eller på grunn av ein konflikt mellom Kina og Taiwan.

– Viss det skjer i 2035-2036, då må ikkje me stå på bar bakke, seier Strønen.

Strønen meiner det finst verft i Noreg som kan levere på vilkåra, men dei er eigde frå utlandet.

– Det er gode og dyktige verft, men også dei må få konkurranse, og det må dei få frå norskeigde verft, seier Strønen.

Les også

Hard konkurranse: Slik ser Ulstein for seg dei nye forsvarsskipa

No krev bransjeorganisasjonen at krava blir endra. Dei ønsker at minst 80 prosent av arbeidstimane skal vere i Noreg.

– Når staten brukar så mykje pengar er det viktig at mest mogleg av det fell på norsk næringsliv.

Han viser til bidrag til fellesskapet i form av skattar og arbeidsplassar. 

– Det er våre tilsette som går på den lokale butikken, det er våre tilsette som fyller opp SFO-en.

Aker Solutions sitt verft på Stord. Foto: Olav Røli / NRK

– Er det ikkje rimeleg at FMA stiller krav til kven som kan komme med anbod?

– For all del, det er i vår alle si interesse at i offentlege anskaffingar legg ein lista høgt, og så passar ein på at ei kvar krone investert frå fellesskapet blir brukt på ein forsvarleg måte, seier Strønen.

FMA har ikkje svart på NRK sine spørsmål, men direktør Gro Jære har tidlegare sagt til VG at dei meiner modellen dei har valt, er i tråd med Stortingets føringar.

Les også

Havvind-vedtak skaper harme langs kysten: – Vantru, frustrasjon og motløyse

Nokre av dei største norske aktørane har lagt opp produksjonen sin med å bygge skrog i utlandet.

Vard på Sunnmøre har tre verft i Noreg, og tre i utlandet. Eigarane sit i utlandet, kor dei også bygger skroga sine.

– Slik som det er i dag, er det kun eitt norsk verft, som er utanlandsk eigd, med økonomisk kapasitet til å bygge desse båtane, seier Strønen.

Torsdag blei det kjent at Vard trekker seg frå bransjeorganisasjonen Norske verft.

– Vi har meldt oss ut fordi dei ikkje tar vare på våre interesser, seier kommunikasjonssjef  i Vard, Anne-Bente Skjellum.

Verftet Vard på Sunnmøre. Foto: Remi Sagen / NRK

Utover dette ønsker dei ikkje å kommentere eller stille til intervju.

Strønen meiner det er leit med alle som melder seg ut, men seier at det er naturleg gitt forretningsmodellen deira.

Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) seier til VG at ein er avhengige av reell konkurranse blant norske verft og å benytte seg av allereie etablerte verdikjeder.

Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap). Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

– Vi må også halde kostnadene nede. Viss ikkje risikerer vi svekka forsvarsevne og mistar eksportmoglegheitene.

Han seier òg at det ikkje er noko i vegen for at skroga kan byggast i Noreg og at modellen som er vald er å bygga fartøya gjennom ein nasjonal konkurranse.

Retting: Sitatet om at det berre er eitt norsk verft som  har økonomisk kapasitet, blei først kreditert kommunikasjonssjefen i Vard. Det rette er Strønen, som er dagleg leiar i Norske Verft. Dette blei retta 19.11 klokka 23.10.

LES MER:                               ©NRK.NO

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations