Sterke reaksjonar etter ny, alvorleg svikt i barnevernet i Bergen

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Det kan gå mot mistillit mot byrådet i Bergen. Bakgrunnen er to alvorlege barnevernsrapportar på ei veke. Tilliten til byrådet er tynnare etter skjebnemøtet fredag, seier Høgre.

Sterke reaksjonar etter ny, alvorleg svikt i barnevernet i Bergen

Det kan gå mot mistillit mot byrådet i Bergen. Bakgrunnen er to alvorlege barnevernsrapportar på ei veke. Tilliten til byrådet er tynnare etter skjebnemøtet fredag, seier Høgre.

UNDER PRESS: SV sin gruppeleiar i bystyret, Mikkel Grüner (til venstre) vurderer mistillit mot byrådet etter ny kritikk mot barnevernstenesta i Bergen. Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) til høgre. Klimabyråd Thor Haakon Bakke (MDG) i midten.

Vi rapporterer frå Rådhuset i Bergen

Publisert 30.09.2022, kl. 13.41
Oppdatert 30.09.2022, kl. 17.36

Det var 8. august at politiet etter ei uromelding rykka ut til ei leilegheit i Bergen sentrum. Der fann dei ein sju år gamal gut med store skadar, fastbunden til ei seng.

Faren i 30-åra vart pågripen, varetektsfengsla og sikta for grov mishandling. Til no har han nekta å forklare seg til politiet.

Mannen er under rettspsykiatrisk vurdering av sakkunnige medan han sit i varetekt.

Saka er no i ferd med å skape politisk krise i Bergen.

Torsdag la Statsforvaltaren i Vestland fram tilsynsrapporten mot barnevernet i saka.

Der kjem det fram at faren sjølv bad barnevernet om hjelp i saka, om lag ein månad før guten vart funnen skadd.

Statsforvaltaren seier dei har avdekt alvorlege manglar i praksisen til barnevernstenesta, ved at tenesta mellom anna ikkje har gjort fagleg forsvarlege vurderingar av informasjonen i saka. Dei snakka heller aldri med barnet.

Sosialbyråd Katrine Nødtvedt (MDG) orienterte opposisjonen om saka fredag ettermiddag, etter at dei bad om eit møte då tilsynsrapporten vart kjent.

Ho seier at byrådet vil omorganisere barnevernet, men at dei allereie har sett i gang strakstiltak.

Rota i problemet er at det i dag manglar eit fellesmottak for bekymringsmeldingar til barnevernet, meiner ho.

– Byrådet må ta sjølvkritikk på at barnevernet har mange avvik og mange lovbrot, seier Nødtvedt.

Sosialbyråd Katrine Nødtvedt (MDG) orienterte opposisjonen om saka fredag ettermiddag. – Byrådet må ta sjølvkritikk på barnevernet har mange avvik og mange lovbrot, seier ho.

Høgre sin gruppeleiar i bystyret, Hilde Onarheim, seier at ho ikkje vart trygga på at bystyret tar sakene seriøst etter møtet.

– Tilliten heng i ein tynn tråd, seier ho.

– Har du fått høgare eller lågare tillit til byrådet etter orienteringa?

– Den er vel litt lågare enn det eg hadde tenkt, seier ho.

Ho er kritisk til tiltaka som byrådet legg fram. Og meiner ikkje dei held for å hindre tilsvarande, nye saker i barnevernet.

Hilde Onarheim (H) seier at tilliten til byrådet heng i ein tynn tråd. Den er lågare etter orienteringa fredag ettermiddag.

Heller ikkje SV var nøgd etter møtet.

– Møtet var ikkje tillitvekkande, og ikkje noko nytt, seier gruppeleiar Mikkel Grüner i SV.

Han kallar sakene for grufulle, og meiner byrådet har hatt alle reiskapar for å rydde opp i barnevernet tidlegare.

– Er de klare for å kaste Bergen ut i et politisk kaos?

– Når vi kjem opp i denne typen saker, så må vi legge frå oss det som er taktisk og høveleg og enklast for oss som parti. Vi må sjå prinsipielt på det, seier han.

SVs gruppeleiar Mikkel Grüner kallar de to barnevernssakene for grufulle. Han er heller ikkje nøgd etter møtet med byrådet. – Møtet var ikkje tillitvekkande, og ikkje noko nytt,

– Det er heilt naturleg å peike på byrådsleiaren og vurdere mistillit, seier Marte Monstad (Frp).

Det må vere fleirtal i bystyret for mistillit om byrådet skal gå av.

Årsaka til den sterke reaksjonen blant opposisjonspolitikarane i Bergen, er at dette er andre gong på under ei veke at Statsforvaltaren gir krass kritikk mot kommunen sine barneverns- og helsetenester.

I januar i år vart ein tenåringsgut innlagt med alvorleg underernæring på Haukeland universitetssjukehus.

I tilsynsrapporten konkluderer fylkeslegen med at kommunen har svikta både guten og søskenet hans, fordi dei ikkje fekk oppfølginga dei har krav på før situasjonen vart akutt.

– Det er djupt skakande å lese desse to rapportane og dei gjer sterkt inntrykk på meg, skriv byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i ein SMS til NRK.

På bakgrunn av desse rapportane har byrådet denne veka jobba med å få fortgang i forslaget til Bergen sitt nye barnevern, som dei hadde planlagt å legge fram for bystyret i november.

Valhammer er for tida på reise i Japan, men kjem til Bergen førstkomande måndag. På spørsmål om kva han syns om at fleire parti vurderer mistillit, svarar han:

– Det viktigaste for meg som byrådsleiar er å kome til kjernen av problemet. Vi må gjenreisa tilliten til barnevernet vårt. Eg meiner Bergens nye barnevern og den reforma legg grunnlaget for eit nytt barnevern som vil kunne gjera akkurat det.

byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) seier at det er djupt skakande å lese rapportane frå Statsforvalteren og dei gjer sterkt inntrykk på han.

Les også: Fant alvorlige feil i behandling av barnevernssaker: – Barn har ikke fått hjelp – NRK Vestland

Statsforvaltaren har avslørt at den mishandlingssikta faren sjølv oppsøkte barnevernet for å få hjelp, litt over ein månad før sonen vart funnen.

Barnevernet kalla så mannen inn til oppfølgingssamtale, før dei i slutten av juli reiste på besøk.

Før besøket hadde saka fått middels alvorsgrad av barnevernet, som «betyr at barnet har behov for hjelp, men at dette ikkje er akutt».

Under besøket fann ikkje dei tilsette frå barnevernet leilegheita hans.

Det mangla namn på ringeklokkene, dei forsøkte å ringe faren som ikkje svara og dei venta utanfor huset i om lag 30 minutt før dei gjekk igjen.

Tolv dagar seinare vart barnevernet varsla om at guten var fastbunden til ei seng og dei varsla politiet som rykka ut.

NRK veit at mannen kom til Noreg frå utlandet for nokre år sidan. Sonen kom til Bergen først i sommar.

Dette er strakstiltakene byrådet har satt inn etter å ha blitt kjent med de siste sakene:

Hovedtrekkene i planen til byrådet i Bergen er dette:

Kilde: Bergen kommune

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations