Fleire vil granske Statnett for å ha «villeia» folket

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Krefter på Stortinget vil granske Statnett for å ha servert norske politikarar «dritdårleg» informasjon.

Fleire vil granske Statnett for å ha «villeia» folket

Krefter på Stortinget vil granske Statnett for å ha servert norske politikarar «dritdårleg» informasjon.

TYSKLAND-KABELEN: Frå arbeidet med Nordlink i 2019.

Publisert 18.08.2022, kl. 05.32

Bystyremedlem i Bergen, Thomas Flesland (Sp), meiner Stortinget «snarast bør vedta ei ekstern gransking» av Statnett for å ha levert «villeiande informasjon om utanlandskablar».

Det skriv han i ein kronikk i Bergens Tidende.

– Det som kom fram i konsesjonssøknaden (2013) var eit altfor dårleg grunnlag for så viktige vedtak, seier han til NRK.

Statnett er eit statseigd føretak som skal følgje opp krafthandelen med utlandet og utvikle denne.

I tillegg er Statnett ein fagleg instans som skal gje råd til politikarane.

Kvaliteten på desse råda har i sommar vore debattert etter at tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) karakteriserte dei som «dritdårlege» på Dagsnytt Atten (han nytta det engelske ordet «shit»).

Han la til han som dåverande ansvarleg statsråd ville resonnert annleis rundt «prissmitten» frå utanlandskablane om etterretninga til Statnett heldt høgare kvalitet.

Onsdag vert det sett ny rekord i det mest berykta straumområdet i Noreg (NO2). På det høgste kjem prisen opp i 5,26 kr/kWh.

Ola Borten Moe karakteriserte råda til Statnett som «drit» på Dagsnytt Atten i juli («shit in, shit out»).

Forslaget om å granske Statnett får god respons på stortingsbenken til Senterpartiet, og blant fleire av partiets ordførarar (sjå sitatboks).

– Dette er eit fornuftig og presist forslag. Statnett er ikkje ein uhilda faginstans, seier Olaf Lundteigen (Sp).

– Dersom Statnett sine råd har hatt mykje å seie for vedtaket, så høyrest det fornuftig ut med ei ekstern gransking. Då må granskinga i så fall ende opp med konklusjonar ein kan nytte til å få ein betre praksis rundt dette framover.

– Det kan vere at ei gransking vil få fram opplysningar som kan brukast i ein slik debatt som no går føre seg. Det er for meg heilt utruleg at ein ikkje forstår at norsk rein vasskraft som var tiltenkt eit innbyggartal på 5–6 millionar kunne vere med å forsyne land som Storbritannia og Tyskland med sine vel 80 millionar innbyggjarar kvar seg, utan at det ville få konsekvensar for oss her i Noreg. Alle parti på Stortinget bør no gå saman for å løyse krisa og ikkje drive partipolitikk og skulde på kvarandre.

– Eg har ikkje god nok innsikt i dei råd som vart gitt til å ha sterke meiningar om det. Prinsipielt meiner eg likevel at det ikkje er kablane som er problemet, men bruken av dei, og det er etter mitt syn eit politisk ansvar.

– Eg tenkjer Stortinget sjølv vil gjennomføre den vurderinga dersom det er rett at sentrale styresmakter meiner seg ført bak lyset.

– Dersom regjeringa meiner at det er på sin plass med ei slik gransking, stiller eg meg bak det. Dersom skuldingane overfor Statnett er korrekte, er dette svært alvorleg, og noko som bør få seriøse etterspel.

– Det er helt avgjerande at Statnett vinn att tilliten. Då kan det hende at ei slik gransking er vegen å gå, seier Nils T. Bjørke (Sp), som er medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Riksrevisjonen kritiserte i 2016 Statnett for «varierande kvalitet» på analysane, og for at relevant informasjon «ikkje alltid kjem tydeleg fram» i avgjerdsgrunnlaget til politikarane.

– Forslag om gransking vil vi vurdere seriøst. Statnett tener milliardar på flaskehalsinntekter og er ingen «nøytral» part i spørsmålet om utbygging, seier Sofie Marhaug i partiet Raudt.

Marius Arion Nilsen er energipolitisk talsperson i Frp. Han har tidlegare spurt statsråden om ei liknande gransking, og gjentek oppfordringa:

– Med dagens auge er tilrådingane frå Statnett i beste fall uklare. Med tanke på kor store konsekvensar høge straumprisar har, og kor skadeleg det er for samfunnet vårt over tid, så er vi tente med ein gjennomgang, seier han.

– Viss vi hadde visst det vi veit i dag, så er det lite truleg at norske politikarar hadde vore for å byggje desse to siste kablane, seier Ole André Myhrvold, som er energipolitisk talsperson for Senterpartiet (heile svaret i boksen under).

– Viss vi hadde visst det vi veit i dag, så er det lite truleg at nokre norske politikarar hadde vore for å byggje desse to siste kablane. Statnett har analysane sine ut ifrå modellane sine, men det er eit faktum at ein tettare integrasjon med den europeiske energimarknaden gjer Noreg meir sårbart for ei utvikling som er utanfor kontrollen vår.

Sjølv om kraftmarknaden i hovudsak har fungert godt etter 1991, ser vi at det har svakheitene sine i ein krisesituasjon. Derfor er det viktig for Senterpartiet å ha kontroll over krafta slik at vi kan sikre befolkning, næringsliv og industri det grunnleggjande behovet for fornybar straum til levelege prisar til kvar tid. At regjeringa no vil redusere krafteksporten når fyllingsgrada er kritisk låg er i så måte eit heilt rett tiltak for å sikre den nasjonale beredskapen.

Vidare har regjeringa nedsett ein energikommisjon. Den skal mellom anna sjå på korleis utanlandskablane påverkar norske kraftprisar. Vi ser fram til dens konklusjonar, og ein etterfølgjande debatt om korleis vi kan nå målet til regjeringa om nok og billig kraft til folk og industri.

I kommentaren «I jerngrepet til kraftlobbyen», av Bjørgulv Braanen i Klassekampen, vert Statnett-direktør Hilde Tonne karakterisert som «ein korsfarar for nye mellomlandsforbindingar».

NRK har vore i kontakt med Statnett, som ikkje vil kommentere kritikken.

– Vi kjem ikkje til å gå inn i ein diskusjon om politikarane har gjort vedtak på feil grunnlag eller liknande. Det bør dei sjølve få svare på, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Christer Gilje.

I mars melde Statnett at dei nye kablane til Tyskland og England var forklaringa på «rundt 10 prosent av dei svært høge prisane».

– I den offentlege debatten blir det framstilt som om dei to nye kablane er hovudårsaka til dei rekordhøge straumprisane. Utrekningane våre viser at dette ikkje stemmer, sa Statnett-direktør Gunnar Løvås.

Til Nettavisen uttalte Statnett tidlegare i år at «mange av trendane og føresetnadene» dei la til grunn i scenarioet frå 2013 «har treft bra»

Statnett har investert 75 milliardar kroner i kraftnettet dei siste ti åra, og planlegg å investere det same dei neste ti åra.

– Dei to siste kablane skulle aldri ha blitt bygd, seier Trond Giske (Ap) i eit intervju med Klassekampen denne veka.

Arild Hermstad i MDG seier det er «guffent at Statnett vert mistenkeleggjort på denne måten».

– Det er få haldepunkt for å tru at Statnett med vitende og vilje har narra befolkninga. Om du vil insinuere slikt, bør du ha meir å komme med, seier han

Han legg til at regjeringspartiet Senterpartiet heller bør gå i seg sjølv:

– Dette verkar som ei panikkhandling frå eit Senterparti som sjølv har sete med makta. No vil dei finne syndebukkar og skyve ansvaret over på andre for ein politikk dei tidlegare har støtta sjølv.

I 2012 møtte Ola Borten Moe (Sp) Tysklands økonomiminister Phillip Rösler og uttalte at han var «godt fornøgd med moglegheita til å utveksle kraft mellom Tyskland og Noreg».

Stortingsmelding 14 (2011-12) om utbygging av straumnettet vart gitt av Olje- og energidepartementet 2. mars 2012, og vart same dag godkjend i statsråd av regjeringa Stoltenberg II.

Her står følgjande om utanlandssambanda:

«Noreg og dei andre nordiske landa har fleire samband til land utanfor Norden. Ytterlegare samband er under planlegging. Sambanda bidreg til å betre forsyningstryggleiken for straum i Noreg og i dei landa som blir knytte til det norske systemet. Sambanda bidreg også til å ta vare på og utvikle dei verdiane som ligg i den norske vasskrafta. (…) Desse forholda gjer at handelsgevinsten frå utanlandssambanda bidreg til betydeleg verdiskaping, utan at gjennomsnittsprisen på straum i Noreg nødvendigvis blir endra i særleg grad.»

Ola Elvestuen er stortingsrepresentant for Venstre.

– Parti og folkevalde bør sjølv ta ansvar for avgjerdene dei tek. Det er ingen grunn til å skulde på Statnett for etableringa av utanlandskablane. Dei har det vore brei politisk semje om.

Han legg til:

– Dessutan er det bra for Noreg at dei er etablerte. Over tid vil vi ha store fordelar av at vi er tett knytt opp til det europeiske energisamarbeidet.

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations