Trygdesmell for Noreg – uførereglar bryt med EØS-retten

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Retten til uføretrygd er tolka feil og praksisen strekker seg tilbake til 1991. Ingen veit kor mange som har fått feil avslag.

1. Trygdesmell for Noreg – uførereglar bryt med EØS-retten

Retten til uføretrygd er tolka feil og praksisen strekker seg tilbake til 1991. Ingen veit kor mange som har fått feil avslag.

NY TRYGDESMELL: Advokat John Christian Elden meiner det er urovekkande at Noreg ikkje har endra praksis for kven som kan få uføretrygd. Foto: Amanda Pedersen Giske / Ole Berg-Rusten / NTB

Retten til uføretrygd er tolka feil og praksisen strekker seg tilbake til 1991. Ingen veit kor mange som har fått feil avslag.

Hei, veit du noko om saka?

For å ha krav på uføretrygd i Noreg, må du ha minst fem år samanhengande trygdemedlemskap.

Det har vore regelen, men det er i strid med EØS-reglane, slår Efta-domstolen nå fast.

Om ein har budd i andre EØS-land, skal denne tida telje med. Men Noreg har hatt eit krav om at denne tida må vere samanhengande.

Det er denne praksisen som domstolen meiner ikkje held vatn.

Forklaring

Noreg bryt EØS-reglane

Det norske kravet om at EU-borgarar må ha minst fem års samanhengande trygdemedlemskap før dei kan få uføretrygd, er i strid med EØS-reglane, slår Efta-domstolen fast.

Folketrygdlova krev at du må opparbeide deg trygderettar samanhengande i fem år før du kan få trygd. Viss det er «brot» i oppteninga, begynner teljeverket på nytt.

Domstolen meiner Noreg har tolka «samanhengande» for strengt. I praksis har ein mista retten på uførleik om ein har eit kort opphald i oppteninga.

Om ein bur i Spania i delar av perioden før ein søker om uførleik, men for eksempel ikkje har jobba ei veke, vil det kunne vere nok.

Domstolen meiner denne praksisen er for streng.

Det veit ein ikkje, men praksisen har vore følgd tilbake til 1991.

Regjeringa meiner dagens reglar er innafor EØS-avtalen og har fått støtte for det i to rettsinstansar.

Efta-domstolens avgjerd er rådgivande for Høgsterett.

Det er dei som no skal avgjere kva som skal vere praksis i Noreg.

Skandalen avdekte at mange tusen nordmenn urettmessig hadde mista trygd fordi dei hadde opphalde seg i eit anna EØS-land. Mange måtte også i fengsel.

Nokre dagar utan jobb – inga uføretrygd

Kravet om «samanhengande» er nemleg tolka for strengt, seier domstolen.

Ein av dei som tok Noreg til Efta-domstolen, hadde fått avslag i alle norske rettsinstansar. Han hadde budd nokre år i Spania og Nav hadde lagt saman tida frå Spania og Noreg.

Likevel avslo dei søknaden fordi den spanske trygdetida hadde eit opphald på nokre månader. Dermed var ho ikkje «samanhengande».

– Med Navs praksis held det med nokre få dagar utan jobb i eit anna land. Da begynner femårsfristen å springe på nytt, og ein kan risikere aldri å få uføretrygd. Det er urimeleg, seier advokat Olaf Halvorsen Rønning i advokatfirmaet Elden, som har representert ein av to klientar i denne saka.

Domstolen slår fast at konsekvensen av slike «hol» blir uforholdsmessig stor, og hindrar i praksis prinsippet om full rørslefridom innanfor EØS-området.

Les også

Her kan du lese om Nav-skandalen

Den ferske rettsavgjerda kjem få år etter Nav-skandalen som blei avdekt i 2019. Då blei det kjent at Nav og norske myndigheiter hadde tolka EØS-reglane feil, slik at mottakarar av blant anna sjukepengar mista stønaden om dei ikkje oppheldt seg i Noreg.

Skandalen omfatta mange tusen personar, der fleire hadde sona feilaktige fengselsdommar.

– Det er urovekkande at Noreg, så lenge etter Nav-skandalen, framleis ikkje har rydda opp i korleis EØS-reglane blir følgde på trygdeområdet, seier advokat John Christian Elden.

– Det er ikkje berre Nav som har tatt feil. Det er sjølve lova som er i strid med EØS-retten, seier Elden.

Det var Høgsterett som bad Efta-domstolen vurdere om tolkinga i norske rettsinstansar var rett.

Regjeringa meiner dagens reglar likevel er rette:

– Noreg skal fortsette å stille krav for å ha rett på trygdeytingar og dette legg også Efta-domstolen til grunn. Vi meiner dagens reglar er innanfor EØS-avtalen og har fått støtte for det i to rettsinstansar, seier statssekretær Line Eldring i ein e-post til NRK.

– Nå blir det opp til Høgsterett å avgjere sakene og derfor er det for tidleg å seie litt meir konkret om kva denne rådgivande utsegna betyr.

LES MER:                  ©NRK.NO

Comments

http://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations