Emil skal vekse opp utan konkurranse frå mobilen

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Forskarar og jordmødrer er uroa for mobilbruk framfor born. Utan merksemd frå foreldre kan dei små bli meir utsette for depresjon og angst seinare i livet. Babyen til Line Grøndal og Tor-Evert Grøndal veks opp i enklare kår enn mange andre born.

Emil skal vekse opp utan konkurranse frå mobilen

Forskarar og jordmødrer er uroa for mobilbruk framfor born. Utan merksemd frå foreldre kan dei små bli meir utsette for depresjon og angst seinare i livet. Babyen til Line Grøndal og Tor-Evert Grøndal veks opp i enklare kår enn mange andre born.

TETT INNTIL: Varmt, trygt og nært på pappa Tor-Evert Grøndal sitt bryst.

Vi rapporterer frå Øvre Brekkebakkane i Valdres

Publisert 27.12.2021, kl. 20.54

Jordmor Live Cecilie Grindaker er på veg til eit heilt spesielt barselbesøk. På toppen av ein snølagd sti ventar ein liten familie på ein forfallen høgdegard:

Mamma Line, pappa Tor-Evert og vesle Emil, som kom til verda for ein halv månad sidan.

Saman bur dei i ein innreidd laftekasse inni ein 100 år gamal låve. Emil veks opp i enkle kår samanlikna med dei fleste andre born i Noreg. Eit medvite val av foreldra.

FØRSTE DØR: Inngang nummer 1 er låvedøra. Jordmora Live Cecilie Grindaker må enda lenger inn for å finne Emil og foreldra.

Line og Tor-Evert har teke eit anna val òg: Emil skal ikkje måtte vinne over mobiltelefonar og TV-skjermar i kampen om merksemda til foreldra.

Dei har telefonar, og dei har ikkje lagt ned eit absolutt forbod. Tor-Evert seier han «er like avhengig av den som alle andre». Men rundt sonen skal dei avgrense skjermbruken.

– For Emil må det vere merkeleg når han ser ansikta våre lyse opp av ein mobilskjerm, at ansikta våre blir stive og fråverande. Så vi vil ikkje vere nær han når vi leitar etter nye ting på Finn eller liknande.

Grindaker kallar skjermar for ein konkurrent. Ho har 17 år med erfaring, og på barselbesøk ser ho ofte at telefonen vinn når eit varsel lyser opp skjermen. Og viss born stadig taper ein slik konkurranse, kan konsekvensane vere store for små liv:

– Til slutt gir dei opp, blir apatiske. Og etter kvart kan dei begynne å kjenne på sjalusi, seier jordmora.

I verste fall kan dei bli meir utsette for angst og depresjon seinare i livet, seier psykologspesialist Camilla Voss. Ho har jobba med sped- og småbarn i 15 år, og har tydeleg sett at skjermar kan øydelegge samhaldet mellom foreldre og born.

Litt mobilbruk er ikkje eit problem, som forskning.no skreiv om i 2020. I 2018 publiserte den same nettavisa ein annan artikkel der forskarar uttrykte bekymring for at mobilen til foreldra kan skape problem for borna seinare i livet.

– Dei er avhengige av kontakten med foreldra. Dei les kven dei sjølve er i ansikta til foreldra, seier Voss.

Pappa Tor-Evert er spent på «dommen» frå jordmor Live Cecilie Grindaker.

På bakketoppen går den erfarne jordmora inn låvedøra, så enda ei dør, inn i varmen i det lafta rommet.

Line sit på senga med Emil på fanget. Mjuke, store teppe og puter rundt begge to.

Emil seier frå med eit rykk og ein liten babylyd. Ved kvar minste rørsle og knyst frå Emil, ser Line ned og sjekkar kva som må gjerast. Ho lærer seg stadig kva lydane betyr. Luft i magen, lyst på mat, tid for å sove. At telefonen ikkje er der, gjer det lettare for henne.

JORDMORBESØK: Tor-Evert Grøndal og Line Grøndal tek imot jordmor Live Cecilie Grindaker på Øvre Brekkebakkane.

– Ein merkar at det er godt å vere her, seier Grindaker.

Ho ser kontrasten til andre småbarnsfamiliar, der det kan «plinge i aust og vest». Ikkje på Øvre Brekkebakkane.

– Dei er tilgjengelege for Emil. Nyfødde søker blikkontakt frå dei er nyfødde. Det er med på å bygge relasjonar og bygge hjernen.

– Det er så lett å bli oppslukt av telefonen og gløyme at ...

Line blir avbroten av ein lyd frå Emil, som ligg i fanget. Ho kikkar ned, gir frå seg nokre venlege lydar i samspel med sonen. Så fortset ho, halvt til Emil, halvt til journalisten:

– Då kan ein gå glipp av eit lite smiiil! Og det må ein ikkje.

EIT LITE SMIL: Verken TV eller mobil får bryte inn når Emil vil ha merksemd frå mamma Line Grøndal.

Pappa til Emil er letta når jordmora stadfestar at dei har det bra. For han tenker på kva andre tenker om måten dei bur på, på ein «ganske sliten og dårleg byggeplass», som han sjølv kallar det.

– Men inni kjernen er det jo varmt og fint. Det er det som betyr noko, seier Tor-Evert Grøndal.

Viss du vil prøve å bruke mindre tid på skjermar framfor barn, har jordmor Live Cecilie Grindaker nokre enkle triks:

Sett på lydlaus. Kanskje openbert, men telefonen som «konkurrent» blir veldig svekka av å ikkje få lage lyd.

Unngå øyreproppar. Viss du snakkar i telefonen med øyrepluggar, kan barnet bli forvirra av at praten ikkje er meint for hen.

Felles front. Viss de er eit par, er det viktig å vere einige om mobilbruk medan de er med barnet. Alt er lettare saman!

Tor-Evert Johansen er redd for å bli endå ein singel mann i Valdres. Men så kjem eit menneske til den forfalne høgdegarden. Det skal snu om på alt.

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations