Dette blir europavegen i mange år framover

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Meir pengar til vedlikehald av norske riksvegar, og mindre til store prosjekt, lovar regjeringa. Tidlegare samferdsleminister meiner dei i realiteten stansar alt.

Dette blir europavegen i mange år framover

Meir pengar til vedlikehald av norske riksvegar, og mindre til store prosjekt, lovar regjeringa. Tidlegare samferdsleminister meiner dei i realiteten stansar alt.

Denne vegstrekninga på E39 ved Vadheim i Høyanger er ein av stadene der det er planlagt tunnel. Og prosjektet er klart. Men det er førebels uvisst kva tid den kan komma. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Meir pengar til vedlikehald av norske riksvegar, og mindre til store prosjekt, lovar regjeringa. Tidlegare samferdsleminister meiner dei i realiteten stansar alt.

1042 kilometer med norske riks og europavegar som er for smale til å ha gul midtstripe. Det var tala som NRK presenterte sist veke.

Ein av stadene med ein skikkeleg flaskehals er på E39 ved Vadheim i Høyanger på Vestlandet.

Men dei som hadde håpa på opptur for gul midtstripe i statsbudsjettet fekk seg ein skikkeleg nedtur.

For ingen av flaskehalsane som vart peikt på i NRK sin artikkel vart nemnt med eit ord.

– Dette er ikkje 2026 verdig. Ein skulle ikkje tru ein var i Velstands-Noreg, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap).

Han har venta på tunnel ved Vadheim i lang tid. Det vil løysa opp i ein flaskehals på europavegen der det rett og slett ikkje er plass for at to større bilar kan møtast.

Ordførar Petter Sortland i Høyanger (Ap) står på E39 ved Vadheim, rett før vegen svinger seg oppover fjellsida. Han får neppe tunnel i området med det første. Foto: Arne Stubhaug / NRK

I statsbudsjettet er berre to vegprosjekt trekt fram for oppstart neste år.

Smiene-Harestad i Rogaland og Rv. 70 i Kristiansund.

Totalt skal det brukast 105 milliardar på samferdsle i 2027, om regjeringa sitt budsjettforslag går igjennom.

– Me skal ha eit godt, trygt og fungerande vegnett. Mange er avhengige av bilen og eg vil prioritera at folk skal komma seg trygt fram dit dei skal. Da kan vi ikkje berre bygga nytt, vi må prioritera å betra det vi har og godt vedlikehald, seier samferdsleminister Kamzy Gunaratnam (Ap) i ei pressemelding.

Men utsegna frå regjeringa imponerer ikkje tidlegare samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Han var minister frå perioden 2013 til 2018.

Og vart mellom anna kjent for å køyra rundt for å sjekka stoda på norske vegar.

Den første køyreturen skjedde i 2015. Då sjekka han ut om E6 faktisk var strakaste vei`n:

Les også

Solvik-Olsen på roadtrip gjennom Nordland

Seinare vart det køyreturar på mange andre riks- og europavegar.

– Dette var så nyttig for oss at me enda opp med å ha synfaringar når det var ferie. Og til slutt hadde me køyrt alle europavegane og nesten alle riksvegane. Dette gav oss verdifulle tilbakemeldingar, seier han i dag.

Han er han oppgitt over forslaget til statsbudsjett der regjeringa seier dei vil ha slutt på dei store prosjekta og heller vri det til meir vedlikehald.

– Det høyrast så pent ut når dei skal prioritera vanlege vegar og vedlikehald, og ikkje gigantiske prosjekt. Men dei gjer jo det motsette, meiner han.

Han etterlyser satsing på meir gul midtstripe, meir midtdelarar, og meir rumlefelt.

Og meiner dagens regjering faktisk leverer mindre gul midtstripe enn dei gjorde då dei sat i regjering.

Tidlegare samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner dei fekk til meir gul midstripe enn Støre-regjeringa har klart. Her frå ei vegopning på Voss i 2013. Den la E16 utanom sentrum på Vossavangen. Foto: Christine Kongsvik

I perioden 2013 til 2025 har til saman blitt opna 365 kilometer veg med gul midtstripe, viser årsrapportane til Statens vegvesen.

Snittet i perioden er 28,3 kilometer per år.

Det er høgare snitt i perioden Solberg-regjeringa styrte enn med Støre.

Samstundes vart det berre opna 10,2 kilometer med veg med gul midtstripe-veg i 2021, då Solberg gjekk ut av kontora.

I 2025, under Støre, vart det opna nesten 40 kilometer med veg med gul midtstripe.

– Eg er samd med regjeringa som seier at ein må tenkja både på dei store og dei små vegane. Men eg meiner regjeringa faktisk nedprioriterer begge deler ved at forfallet aukar og du heller ikkje satsar på gul midtstripe, meiner Solvik-Olsen.

Han meiner Ap må vera ærlege, og viser til at store prosjekt som verdas lengste undersjøiske tunnel i Rogaland (Rogfast), Arna-Stanghelle og Sotrasambandet, alle er prosjekt som kostar titals milliardar.

– Men politisk prøver regjeringa å kommunisera at dei skal bruka meir pengar på vedlikehald at det dei allereie har. Det er kjempefint. Men ikkje når det går på kostnad av å byggje nye vegar der du treng kapasitet eller der du kan redusera reisetida, seier han.

NRK har bede Samferdsledepartementet kommentera kritikken frå Solvik-Olsen.

Dei har førebels ikkje svart.

Samferdsleminister Kamzy Gunaratnam (Ap) har tidlegare sagt til NRK at ho skal vitja alle norske fylke før jul. Mellom anna for å sjå på vegnettet.

Les også

Hit gjekk turen for den nye samferdsleministeren: Lovar å sjå heile landet

Ein stad ho er velkommen er i Vindafjord i Rogaland. Der lovar ordførar Ole Johan Vierdal å ta ho vel i mot.

Uansett om ho kjem køyrande sjølv eller må ha skyss. Det har nemleg vore eit poeng at samferdsleministeren førebels ikkje har førarkort, noko ho er i full gang med å gjera noko med.

– Me skal få ho trygt fram uansett, lover Vierdal.

Ordføraren, som førebels har fire kilometer med E134 gjennom sin kommune utan gul midtstripe, har ikkje tal på kor mange samferdsleministrar som har vore innom han og nabokommunen Etne.

– Det verkar som dei gløymer kva dei har sett så snart dei kjem tilbake til Oslo, meiner han.

Europavegen mellom aust og sørvestlandet har 30 kilometer med veg utan gul midtstripe. Etne har 11 kilometer.

Eit større prosjekt er planlagt gjennom kommunane, men er førebels berre nemnt i Nasjonal Transportplan.

Statsbudsjettet gav ingen pengar til dette, og framleis vil E134 gå over ei bru frå 1936. Med plass til ein bil i gongen.

– Med hadde absolutt hatt behov for meir pengar til veg på Vestlandet. Her er ikkje jernbane, t.d. Samstundes kan me ikkje gje opp, og må halda fram med å snakka om prosjekta heile tida, seier Vierdal.

Trass i at det store prosjektet ikkje er nemnt, skjer det ting på E134.

Eit mindre prosjekt mellom Vindafjord og Etne vil fjerna 6,5 kilometer med smal veg. Prosjektet er finansiert med bompengar og starta i sommar.

Her er E134 i Etne. Denne flaskehalsen er ikkje nemnt i statsbudsjettet. Her gjekk det eit stort steinras for nokre år sidan. Foto: Olav Røli / NRK

I Sunnfjord kommune ventar ordførar Jenny Følling (Sp) på klarsignal om Hafstadfjelltunnelen. Den skal fjerna ein flaskehals på E39 sør for Førde, og mange kilometer med veg utan gul midtstripe.

Heller ikkje den er nemnt i neste års statsbudsjett.

– Det er ikkje kva som står i statsbudsjettet som tel, men kva som blir vedteke i Stortinget, seier ho.

Fleire parti på Stortinget har allereie varsla at dei vil krevja fortgang i arbeidet med Hafstadfjelltunnelen.

I Vadheim ser ordførar Petter Sortland oppover mot E39 som slynger seg oppover, med fjellside på ei side og fjord på den andre.

Der er tunnel einaste løysing, meiner han.

– Å laga gul midtstripe her er utan tunnel er umogleg. Så det er klart me er skuffa over statsbudsjettet, seier han.

Ein ny 7,5 kilometer lang tunnel er draumen på E39 ved Førde i Sunnfjord. Ingen veit kva tid den kjem. Illustrasjon: Multiconsult/Vegvesenet

LES MER:                  ©NRK.NO

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations