Fleirtal i bomsak: Prisen skal halverast i eit år

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Regjeringa avviste å gripe inn mot høge prisar i bommen. Men no sikrar Senterpartiet at prisen kan halverast som eit prøveprosjekt.

Fleirtal i bomsak: Prisen skal halverast i eit år

Regjeringa avviste å gripe inn mot høge prisar i bommen. Men no sikrar Senterpartiet at prisen kan halverast som eit prøveprosjekt.

E39 mellom Mandal og Kristiansand har blitt kjent på grunn av dei høge prisane.

Vi rapporterer frå Sørlandet

Det er ikkje uvanleg at høge prisar i bommen irriterer bilistar.

Men på E39 mellom Kristiansand og Mandal har det blitt så dyrt at fleire parti på Stortinget vil gripe inn.

Tysdag blei det klart at det også er fleirtal for å sette inn tiltak

Det skuldast at Senterpartiet har bestemt seg i saka.

Dei seier tysdag at dei er klare til å innføre halv pris som eit prøveprosjekt.

– Vi har vore optekne av den samla bompengebelastninga, seier Geir Inge Lien (Sp).

Han sit i samferdselskomiteen og er også saksordførar i saka.

Dei er også med på å ikkje innføre bom på den gamle E39. Dette tiltaket har også støtte frå Rødt.

Planen er at prøveprosjektet blir innført 1. januar 2027.

På den nye motorvegen mellom Kristiansand og Mandal må ein bensinbil betale 110 kroner (med autopass). Tek ein med bommen inn til Kristiansand, er ein oppe i nærmare 140 kroner.

Dei høge satsane har skapt bråk i landsdelen, og fleire bilistar vel i staden å køyre gamle E39 der det ikkje er bom.

– Det må vel bli gratis før eg vel å køyre på den nye, seier Isak Fløystøl som NRK møter på Brennåsen, like ved den gamle E39.

Isak Fløystøl vel alltid den gamle E39. Der er det gratis å køyre.

Han vel alltid gammal veg.

Fylkestinget har fleire gonger bede regjeringa kome med tiltak, men regjeringa har spelt ballen tilbake til fylkespolitikarane.

– Vi har ikkje tenkt å gjere noko. Ballen ligg hos fylkeskommunen som har stilt seg som garantist i denne saka, sa samferdselsminister Kamzy Gunaratnam til NRK tidleg i november.

Tidlegare samferdselsminister Jon-Ivar Nygård sa at tidlegare i år at regjeringa ynskja ein bom på den gamle vegen. Dette er også det faglege rådet frå Vegdirektoratet.

Kritikarar av motorvegsatsinga meiner prosjektet viser kva som skjer når ein brukar milliardar på dyre vegar.

Altfor mange veljer gammal veg (i framgrunnen) i staden for den nye (i bakgrunnen).

Men no ynskjer altså eit fleirtal på Stortinget å gripe inn mot regjeringa.

– Det vi ser er at belastningen på sidevegen blir veldig stor. Og så håpar vi at vi i ein prøveperiode kan få fleire til å bruke den nye vegen, seier Geir Inge Lien.

Forslaget om eit prøveprosjekt kjem frå Frp og Stortinget skal stemme over det seinare i november.

Prøveprosjektet skal vise om lågare pris får bilane til å velje den nye vegen i staden for den gamle.

– Dette er ein gledens dag på vegne av pendlarar, næringsliv og bilistar, seier Alf Erik Andersen (Frp), stortingsrepresentant frå Agder.

Også KrF og Høgre har varsla at dei vil støtte tiltak som kan få ned prisane. Tidlegare i år stemde dei også for eit liknande forslag, men den gongen blei det ikkje fleirtal.

Jørgen Kristiansen (KrF) seier han reknar med at dei også denne gongen stemmer for.

– Dette er betre enn ingen ting, men det er ikkje ei god nok løysing, sidan vi skyv rekninga over på bilistane, seier Kristiansen som legg til at dei i sitt alternative budsjett legg inn 200 millionar for å få ned prisane.

Det må bli mykje billegare før Lilly Marie Møller kan velje å køyre på ny veg.

Når motorveg blir bygd i Noreg, blir rekninga fordelt mellom stat og bilistar.

Bompengane går til å betale ned eit lån på vegen. Fylkeskommunane garanterer for dette lånet, og det er dei som får rekninga om det ikkje kjem inn nok i bommen.

Vegdirektoratet har laga ein rapport om bomsatsane på E39. Sjølv om dei ikkje kommenterer prøveprosjektet, åtvarar dei mot å redusere takstane.

Dei skriv at dette kan føre til at fylkeskommunen blir sittande igjen med ei ekstrarekning på fleire milliardar.

Alf Erik Andersen meiner derimot at tiltaket er heilt nødvendig slik at ein får kunnskap om kva effekt det vil ha med lågare bomprisar.

– Vi er nøydde til å kartlegge trafikkgrunnlaget ved lågare takst. Denne ordninga må til for å få flytte over bilistar slik at vi veit kor mange ekstra pengar som skal inn i prosjektet.

Han meiner eit naturleg neste steg er eit nytt vedtak i Stortinget om permanent lågare prisar.

LES MER:                      ©NRK.NO

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations