Alver kommune brukte falske KI-kjelder i rapport om skulenedleggingar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Fleire skular i Alver kan bli nedlagde, men i rapporten som tilrår dette er det brukt oppdikta kjelder. Noregs nye KI-sjef åtvarar mot at slikt kan svekka tilliten til det offentlege.

Alver kommune brukte falske KI-kjelder i rapport om skulenedleggingar

Fleire skular i Alver kan bli nedlagde, men i rapporten som tilrår dette er det brukt oppdikta kjelder. Noregs nye KI-sjef åtvarar mot at slikt kan svekka tilliten til det offentlege.

NEDLEGGINGSTRUGA: Elevane på Sæbø skule kan måtte gå på ein annan skule i framtida.

Minst fire skular i Alver kommune står i fare for å bli nedlagde, etter at kommunedirektøren i ein ny rapport tilrår dette.

Men no viser det seg at fleire forskingsartiklar som blir brukte som grunnlag for delar av rapporten er oppdikta av kunstig intelligens, skriv avisa Nordhordland.

Feila er i eit dokument som handlar om korleis pendling påverkar både elevar og kommunen.

Avisa har gjort vidare undersøkingar, og fann mellom anna at:

Dokumentet er brukt som eit vedlegg til sjølve rapporten, opplyser kommunedirektør Christian Fotland.

TABELL: Denne tabellen er med i rapporten, og funna er baserte på kjelder som ikkje finst.

Etter at avisa Nordhordland tok kontakt har kommunen gjort endringar i dokumentet, og har fjerna tabellen og dei falske kjeldene.

Når NRK ringer kommunedirektør Christian Fotland, som har kome med framlegget, er han rask med å koma med ei orsaking.

VEDGÅR FEIL: Kommunedirektør Christian Fotland seier KI har blitt brukt feil i denne saka.

– Me brukte KI til å søka etter kjeldegrunnlag for til dømes skuleskyss, og la ved kjeldene som tilleggsinformasjon til politikarane. Så har det jo då vist seg at forskarane eksisterer, men ikkje artiklane, seier han, og held fram:

– Me har rett og slett brukt KI feil, og har ikkje vore grundige nok i kvalitetssjekken vår. Det seier me oss leie for.

– Korleis kan slikt skje?

– Det er litt rart. Me har rutinar, me har opplæring til dei tilsette og me har hatt fagdag om bruk av KI. Me har ganske strenge retningslinjer. Men her har me rett og slett brukt det feil.

Sæbø skule er ein av skulane som risikerer å bli nedlagde. FAU-leiar Thomas Wiik er svært kritisk til KI-feilen.

– Tilliten til prosessen er tynnsliten. Det er jo oppsiktsvekkjande og alvorleg at KI er blitt brukt til å gjera ein jobb i ei så viktig sak. For meg verkar det som om ein har bestemt seg for eit utfall, og så prøvd å finna dokumentasjon som passar.

FAU-leiar: Thomas Wiik ved Sæbø skule seier tilliten til prosessen med skulestrukturen er tynnsliten.

FAU-leiaren peiker på saka frå Tromsø, der kommunen også brukte oppdikta kjelder.

Les også Flere feil i rapport om skolestrukturen i Tromsø: Høringsprosessen stanses

Wiik meiner denne feilen ikkje har gjort administrasjonen ei teneste i det vidare arbeidet.

– I beste fall er dette eit heftig tilbakeslag. Eg trur ikkje dette gjer dei noko teneste, verken når det kjem til prosessen eller truverdet deira.

Kommunedirektør Christian Fotland gjentek at KI-feilen ligg i eit dokument som skulle vera tilleggsinformasjon til politikarane, og at konklusjonane i framlegget står seg.

– Eg er veldig glad for at rapporten står seg, slik den er i dag. Men dette er ei lærepenge som heile det offentlege Noreg bør læra av, seier Fotland.

Kommunedirektøren seier vidare at det blir teke grep med ein gong, for å hindra liknande feil.

– Me har starta med å laga ein KI-instruks, som skal sikra at me bruker KI rett, slik at me får stramma dette opp.

– Var dette eit arbeid som var sett i verk før denne saka?

– Me byrja å jobba med dette i dag, for dette trur me er naudsynt no.

FAU-leiar Thomas Wiik seier kampviljen for å hindra nedlegging ikkje har blitt mindre etter denne saka.

SÆBØ SKULE: Ein av skulane som kommunedirektøren føreslår å leggja ned.

– Det er eit enormt engasjement. Eg får ein kontinuerleg straum av meldingar. Me kan ikkje leggja ned meir her no, seier Wiik.

Han blir ikkje særleg roa av at Alver kommune no har sett i verk arbeidet med ein KI-instruks.

Les også Norges KI-bruk høyest i Europa

– Det er supert at dei får på plass dette no, men ein kan seia at det burde dei hatt for lenge sidan. Eg har snakka med mange i området, og folk byrjar å få ein ganske tynnsliten tillit.

Kommunedirektør Christian Fotland vedgår at KI-feilen har vore med på å gje motstandarane av skulenedleggingar ammunisjon.

– Dette vil sikkert bli brukt til å så tvil om rapporten. Men motstand mot skulenedlegging hadde det blitt uansett. Dette er ei krevjande sak, og ikkje noko me føreslår med lett hjarte.

KI Noreg er regjeringa si satsing på bruk av kunstig intelligens i både offentleg og privat sektor. Tidlegare Nav-direktør Hans Christian Holte skal leia satsinga. Han seier dette om slike feil som blei gjort i Alver kommune:

– Eg trur heilt klårt at slike saker ikkje er særleg tillitskapande. Det kan bidra til å skapa ei uvisse. Det er lurt å læra av slike saker, og det er mange som kan læra noko av det.

NY KI-SJEF: Hans Christian Holte er sjef i nyoppretta KI Noreg, som er ein del av regjeringa si KI-satsing.

Holte seier det er særleg viktig å vera varsam med KI-bruken i saker som påverkar folk direkte. Han viser vidare til ei undersøking der kring halvparten av kommunane i landet seier at dei har manglande kompetanse på feltet.

Ei av oppgåvene til KI Noreg er nettopp å gjera kommunar betre på KI-bruk.

– Me skal koma med rettleiing og gje moglegheiter til å testa ut nye løysingar i trygge omgjevnader. I løpet av dei neste månadane skal me sjå på dette behovet.

– Kva konkrete råd vil du gje til kommunar som skal bruka KI?

– Det viktigaste er å vera trygg på funna og effektane av KI-bruken, og at ein søker informasjon og hjelp dersom ein er usikker. Og så er det å byrja i ein trygg ende av skalaen, og ikkje gå rett på KI-bruk ved viktige avgjerder, men kanskje heller prøva seg litt fram først.

LES MER:                 ©NRK.NO

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations