Kjempa i sju år for å treffe barnebarnet – vann fram i retten
Nettsiden logges for trafikk. Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Kjempa i sju år for å treffe barnebarnet – vann fram i retten
Bestemora nekta å akseptere at ho aldri meir skulle få besøk av barnebarnet. Retten slår fast at både barnevernet og fosterforeldra har problematisert saka unødvendig.

Kjempa i sju år for å treffe barnebarnet – vann fram i retten

Bestemora nekta å akseptere at ho aldri meir skulle få besøk av barnebarnet. Retten slår fast at både barnevernet og fosterforeldra har problematisert saka unødvendig.

Bestemora på Sunnmøre gler seg til å få sjå den vesle jenta igjen. Det er sju år sidan ho sist hadde besøk av henne.

Publisert 17.09.2022, kl. 23.17
Oppdatert 17.09.2022, kl. 23.40

Bestemora på Sunnmøre jubla då Høgsterett gav henne medhald i fjor sommar. Då fekk ho rett i at ho som bestemor kan krevje å få sjå barnebarnet sitt, sjølv om barnet er i fosterheim.

Men gleda over sigeren blei snart snudd.

For barnevernet sa likevel nei til å sende jenta på sju år på besøk til bestemora.

Det førte til at bestemora gjekk til sak mot barnevernet. Og denne veka fekk ho medhald i Møre og Romsdal tingrett.

– Tenkt at eg endeleg har vunne fram og fekk medhald i alle ønska eg hadde. Det var heilt fantastisk, eg blei så glad, vi heiste flagget, smiler bestemora til NRK.

I dommen blir det slått fast at bestemora har rett til å møte barnebarnet sitt tre timar 12 gonger i året. Utan tilsyn frå barnevernet.

NRK har valt å anonymisere kvinna, av omsyn til barnebarnet.

Bestemora gler seg til å lese for barnebarnet sitt. No har ho blitt sju år. Sist ho var på besøk var ho baby.

Det har vore ein lang kamp å få møte barnebarnet igjen.

Både barnevernet og fosterforeldra meiner det ikkje er bra for den vesle jenta å treffe den biologiske familien sin for ofte, og at det er ei påkjenning for barnet. Dei har rapportert om uro og forvirring når jenta har vore saman med foreldra sine nokre få gonger i året.

Barnevernet vurderte det difor slik jenta ikkje burde besøke bestemora:

«...det ikkje er behov,

ut ifrå jenta sitt beste,

med ytterlegare samvær mellom dykk og henne».

Dette fekk barnevernet først medhald i, i fylkesnemnda. Det same blei sagt under rettssaka i Møre og Romsdal tingrett sist veke.

Men fleirtalet i retten var ikkje samd:

«Det virket derimot som dette blir unødvendig problematisert som vanskelig for barnet av både barneverntjenesten, fosterforeldrene og av sakkyndig».

Reidar Andresen er advokat for barnevernet. Det har ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå han.

Advokat Reidar Andresen har representert barnevernet på Sunnmøre i alle rettssakene. Det har ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå han.

Det er ikkje første gongen det blir stilt kritiske spørsmål til norsk barnevern. Noreg har fleire gonger blitt felt i Europakommisjonen for å legge for liten vekt på fosterheimsborn sine rettar til å kjenne den biologiske familien sin.

Professor Trude Haugli ved Universitetet i Tromsø er ekspert på samværsspørsmål. Ho meiner dommen i Høgsterett i fjor sommar kjem til å få store konsekvensar for norsk barnevern.

– Ja, det trur eg. Eg trur ein kjem til å legge meir vekt på familietilknytning framover, i tråd med signala frå Den Europeiske Menneskerettighetsdomstolen. Familie er ikkje berre foreldre, men også besteforeldre og sysken, sa ho til NRK då dommen fall.

Trude Haugli er professor ved Universitetet i Tromsø og ekspert på samværsspørsmål.

Bestemora var barnevakt den sommardagen i 2015 politiet kom og henta den mørkhåra babyjenta. Ho hadde endå ikkje fylt tre månader då barnevernet bestemte at ho ikkje kunne bu heime med foreldra sine.

No håper bestemora at ho snart får besøk av barnebarnet. Ho legg planar om å bade, sykle, bake og dra på hyttetur med den vesle jenta.

Ho blir stadig kontakta av andre besteforeldre som ikkje får treffe barnebarna sine, og håper at rettssakene ho har vore gjennom skal hjelpe fleire.

– Eg håper at dei kan få oppleve ei slik glade som eg har fått. Eg veit kor vondt mange har det og kor vondt eg sjølv har hatt det. Kanskje eg kan hjelpe nokon til å ha trua, seier ho.

Dommen er førebels ikkje rettskraftig.

Barnebarnet bur no i fosterheim eit stykke unna bestemora. Når ho kjem på besøk ventar både trillekoffert og nytt pennalhus.

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations