Norske Moseprodukter saksøkte Arbeids- og inkluderingsdepartementet – tapte fullstendig

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

– For dei er det ikkje så nøye om det er dagtid eller midt på natta, hevdar eigaren av verksemda om arbeidstida til midlertidige sesongarbeidarar.

Norske Moseprodukter saksøkte Arbeids- og inkluderingsdepartementet – tapte fullstendig

– For dei er det ikkje så nøye om det er dagtid eller midt på natta, hevdar eigaren av verksemda om arbeidstida til midlertidige sesongarbeidarar.

GULLET I SKOGEN: I sesongen mai til oktober jobbar 30–40 moseplukkarar med å plukke mose i Rendalen.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

I skogane i Rendalen i Innlandet blir det plukka mose som prydar fancy fasadar og vegger verda over.

Men Norske Moseprodukter AS, som omset for rundt 51 millionar kroner, slit med norsk lovverk.

No har dei tapt enda ei rettssak. Denne gongen mot staten.

– At det skal vere timelister ute i skogen der dei jobbar til alle tider på døgnet ... altså, dette er folk som kjem frå ei anna tidssone. For dei er det ikkje så nøye om det er dagtid eller midt på natta, sukkar eigar Bjørn Dingstad.

– Vi har kjempa og fått til den største verksemda i Rendalen, og kjenner oss forfølgt heile tida, seier Bjørn Dingstad, eigar av Norske Moseprodukter.

Sommaren 2024 fekk Norske Moseprodukter eit straffegebyr på 375.000 kroner av Arbeidstilsynet, mellom anna for å ikkje ha oversikt over arbeidstida til moseplukkarane.

Verksemda nekta å betale, og tok staten ved Arbeids- og inkluderings­departementet til retten.

Spørsmålet var om reglane om arbeidstid gjaldt dei mellombelse moseplukkarane eller ei.

Selskapet har anslått at dei i plukkesesongen har 30–40 plukkarar. Dei kjem hovudsakleg frå land som Vietnam, Ukraina og Polen.

Moseplukkarane er å rekne som ekstra sårbare arbeidstakarar, meinte retten, og gav Arbeidstilsynet medhald i at verksemda må ha oversikt over kor mykje plukkarane jobbar.

I retten meinte Norske Moseprodukter at Arbeidstilsynet ikkje hadde tatt inn over seg at moseplukkarane jobba sjølvstendig. Sol, vêr og vind avgjorde når og kvar dei skulle arbeide, sa dei.

Dei påpeika at plukkarane organiserte seg sjølve i grupper baserte på familie og vennskap. Og fordi dei hadde akkordlønn, styrte dei sjølv over eiga inntekt ved å avgjere kor mykje dei plukka.

Difor argumenterte verksemda at sesongarbeidarane i prinsippet kunne ha vore sjølvstendig næringsdrivande.

Fem vaksne vart sendt til sjukehus etter å ha blitt funne bevisstlause i campingvogner. Politiet mistenker kolosforgifting.

Ifølge Norske Moseprodukter var det upraktisk for plukkarane å føre timelister, og at timelistene er umogleg å saumfare for arbeidsgivarane.

– Dei lever heilt isolerte langt inne i skogen. Dei har sine heilt fullstendig eigne rutinar. Og dei har familien sin og venner i heimlandet, det nyttar ikkje å ringe dei herfrå midt på dagen dersom det er ni timars tidsforskjell. Det blir jo berre tull alt saman, seier Dingstad til NRK.

– Dette oppfattar vi som skrivebords­byråkrati. Dei har ikkje sett seg inn i kva verksemda faktisk går ut på.

Mose frå Rendalen prydar fancy vegger verda over.

Hedmarken og Østerdal tingrett gav staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet medhald fullt ut.

Ein arbeidsgivar skal verne arbeidstakarar mot lang og ukomfortabel arbeidstid, og sikre balansen mellom arbeid og kvile.

Det er difor essensielt at Arbeidstilsynet fører tilsyn med at rettane til arbeidstakarane blir varetatte, påpeikar retten.

I tillegg framheva retten at dei tilsette saka handla om, var mellombels tilsette utanlandske sesongarbeidarar med manglar på kunnskap til både norsk språk og lovverk.

«Dette gjer dei, slik retten ser det, ekstra sårbare. Denne sårbarheita påverkar moglegheita for å bli utnytta» skriv dei i dommen, og dømte Norske moseprodukt til å betale sakskostnadene for motparten på 114.579 kroner.

Bilete og heile vegger med mose frå Rendalen har dekorert både kontor og hotellobbyar.

– Retten meiner at arbeidstakarane dommen gjeld, er særleg sårbare. Har du ein kommentar til dette?

– Det bygger på deira eiga utsegn. Og dei har altså ikkje sett seg inn i det her i det heile, svarer Dingstad.

– De har tidlegare uttalt til Østlendingen at dersom de taper, flyttar de verksemda til Sverige. Kva skjer no?

– Vi kjem i alle fall til å gjere nokre grep i forhold til det norske regelverket.

Dingstad seier dei sterkt vurderer å anke tapet, og vil ta ei avgjerd før fristen går ut i februar.

Jobb 72 timar i veka – eller bli akterutseglt

Advokat Siri Kristiansen ved Regjeringsadvokatembetet skriv i ein e-post til NRK at det ikkje var overraskande at staten ved departementet vann saka fullt ut.

Advokat Siri Kristiansen ved Regjeringsadvokatembetet peikar på at retten ikkje har gitt uttrykk for tvil i dommen.

– Vi er fornøgde med at retten i dommen følger merknadene til staten både når det gjeld dei rettslege utgangspunkta og den konkrete vurderinga, og mellom anna legg til grunn at det er ein høg terskel og skal mykje til for å klassifisere ei stilling som særleg uavhengig.

Har du tips, informasjon eller innspel til denne saka eller andre ting vi i NRK bør sjå nærmare på? 

Send meg gjerne ein e-post! 

LES MER:                       ©NRK.NO

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations