Store problem med internett over heile verda

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Fleire internett-tenester både i Noreg og internasjonalt har hatt store problem onsdag kveld. Viser at samfunnskritiske aktørar må ha ein plan B, seier NSM.

Store problem med internett over heile verda

Fleire internett-tenester både i Noreg og internasjonalt har hatt store problem onsdag kveld. Viser at samfunnskritiske aktørar må ha ein plan B, seier NSM.

PROBLEM: Microsoft har hatt problem fleire stader i verda onsdag kveld.

Tusenvis av brukarar har meldt at dei har problem med ulike Microsoft-teneste over heile verda.

Ifølge Downdetector er det problem med blant anna Office 365, Minecraft, X-Box Live, Google og Amazon.

I Noreg førte problema også til vanskar med å logge seg på blant anna SAS, Helsenorge og Nav, melder NTB.

I 22-tida onsdag kveld fungerer dei fleste tenestene som normalt igjen.

Microsoft seier at problema skuldast det dei kallar ei utilsikta endring i skytenesta Azure, og at dei jobbar for å få løyst problema.

Skytenesta spelar ei viktig rolle på nett, og står for rundt 20 prosent av den globale marknaden for skylagring, skriv BBC.

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) seier dei følger med på situasjonen onsdag kveld.

– Det er for tidleg å konkludere med kva som er det totale omfanget av situasjonen, men det er alvorleg når mange viktige tenester er avhengige av ein leverandør, seier avdelingsdirektør Martin Albert-Hoff til NRK.

Avdelingsdirektør Martin Albert-Hoff i NSM.

Han seier at nokre tenester toler å vere nede litt, men NSM er uroa dersom samfunnskritiske tenester blir påverka.

– Denne saka viser at det er viktig for bedrifter som har samfunnskritiske oppgåver å ha ein plan B, seier Albert-Hoff.

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).

Også digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) meiner problema onsdag viser kor viktig digital sikkerheit og beredskap er.

– Problema med innlogging via blant anna ID-porten med BankID skuldast globale problem med Microsoft Azure. Men det rammar oss alle, seier ho til NTB.

I Noreg har brukarar av BankID også hatt problem med å logge seg på frå klokka 17 onsdag.

Om lag ein halvtime seinare fungerte tenesta igjen for dei fleste. Folk blei oppfordra til å prøve å logge inn på nytt dersom dei ikkje lukkast på første forsøk.

Fleire hadde problem med å logge seg på med BankID onsdag.

Problema med BankID gjorde det også til tekniske problem med innlogginga på Vipps. Det gjekk fint å vipse pengar, men ein kunne ikkje bruke tenesta til å logge seg på andre nettstader.

Også nettsidene til Vipps var nede ei stund.

LES MER:           ©NRK.NO

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations