Framskrittspartiet kritiserer regjeringa sin eldrepolitikk

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Regjeringa set av over 4 milliardar kroner til «Eldreløftet» i det ferske statsbudsjettet. Frp meiner summen er ein bløff og at politikken fører til rein rovdrift på pårørande.

Framskrittspartiet kritiserer regjeringa sin eldrepolitikk

Regjeringa set av over 4 milliardar kroner til «Eldreløftet» i det ferske statsbudsjettet. Frp meiner summen er ein bløff og at politikken fører til rein rovdrift på pårørande.

Kristian Eilertsen kritiserer regjeringa si eldreomsorgsstrategi.

– Det som Arbeidarpartiet presenterer som eit eldreløft, er i realiteten ein eldrebløff, sa stortingsrepresentant Kristian Eilertsen (Frp) i laurdagens Helgemorgen.

Kritikken kjem etter at regjeringa tidlegare denne veka la fram sitt forslag til statsbudsjett, der dei lovar meir pengar til å byggje fleire sjukeheimsplassar.

Bakgrunnen er åtvaringar frå Pårørendealliansen, som peikar på at den statlege satsinga på at eldre skal bu lengst mogleg heime, et seg inn på arbeidslivet og fritida til yrkesaktive pårørande.

Sjå innslaget frå Helgemorgen nedst i saka.

Generalsekretær i Pårørendealliansen, Anita Vatland, skildra ein krevjande kvardag for mange tusen yrkesaktive som står i skvisen mellom jobb og omsorg for eldre familiemedlemmer.

– Det er ein krise som vi no står i i velferdsstaten Noreg. For vi har teke helsepolitikken i éi retning og arbeidslina i ei anna retning, sa Vatland i sendinga.

Generalsekretær i Pårørendealliansen, Anita Vatland, meiner velferdsstaten står i ei krise når kommunane i aukande grad tek pårørande for gitt og bruker dei som gratis bemanningsbyrå.

Vatland peika på at innsatsen frå pårørande i dag utgjer 50 prosent av all hjelp til sjuke og eldre, noko som tilsvarar 140.000 årsverk og ein verdi på 64 milliardar kroner.

Ho meiner kommunane i aukande grad tek pårørande for gitt og nyttar dei som gratis arbeidskraft.

– Kommunane reknar med pårørande sin innsats som eit slags gratis bemanningsbyrå. Og så gjer dei ingenting frå staten eller andre løysingar for å kompensere.

Les også Marlen fryktet økonomisk kollaps da hun tok seg av dødssyk mor

Frp-politikar Kristian Eilertsen meiner Pårørendealliansen treff spikaren på hovudet med sine skildringar, og meiner regjeringa har gjort ein altfor dårleg jobb i eldreomsorga dei siste åra.

– Mange plassar rundt omkring i landets kommunar ville ikkje eldreomsorga gått rundt utan dei pårørande sin innsats. Eg meiner at ein i altfor lang tid har drive rovdrift på mange pårørande, sa Eilertsen.

Stortingsrepresentant for Frp, Kristian Eilertsen, støttar Pårørendealliansen og meiner regjeringa sitt «eldreløft» i realiteten er ein eldrebløff som fører til rovdrift på pårørande.

Eilertsen understreka at Noreg vil trenge 23.000 fleire plassar fram mot 2035, og meiner at budsjettforslaget frå regjeringa er milevis unna å nå dette målet.

– Dei snakkar om at dei skal byggje fleire sjukeheimsplassar, men kvar blir det av desse plassane? Dei eldre og dei pårørande ser ingenting til dei.

På spørsmål om korleis ein skal bemanne nye sjukeheimar i ein sektor som allereie manglar personell, var Frp-politikaren klar:

– Skal vi berre slutte å byggje sjukeheimsplassar fordi man manglar personell? Sjølvsagt ikkje. Vi må gjere begge delar samtidig.

– Parallelt må ein jobbe med å behalde dei vi allereie har, og få folk til å utdanne seg til bransjen. Det er ikkje enten-eller, slik enkelte lèt som, understreka Eilertsen.

Les også Ny studie: Folk har sluttet å stole på eldreomsorgen

Stortingsrepresentant Kai Steffen Østensen (Ap) understrekar at han har forståing for den krevjande situasjonen til dei pårørande, men avviser kritikken om manglande handling.

– Eg deler bekymringa for dei pårørande fullt ut, og det skal ikkje vere slik at pårørande skal gjere meir berre fordi nokon i familien treng helsehjelp. Det er eit offentleg ansvar, seier Østensen.

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Kai Steffen Østensen, understrekar at helsehjelp er eit offentleg ansvar, og peikar på at regjeringa set av 4 milliardar kroner til nye sjukeheimsplassar.

Han framheva at regjeringa vil trygge dei pårørande gjennom betre avklaringar og meir fleksible ordningar.

– Vi må sørgje for at kommunane rammar inn pårørandearbeidet sitt, blant anna gjennom pårørandeavtalar og meir fleksible avlastningsordningar.

Les også Kommuner er ikke forberedt på eldrebølgen

Ap-politikaren slo heilt til slutt tilbake mot talkritikken frå Frp:

– Om vi skal ta ansvar for politikken vår, slik Arbeidarpartiet gjer gjennom Eldreløftet, der vi berre til neste år set av over 4 milliardar kroner til å byggje fleire sjukeheimsplassar, så må vi sjå på kva som skjer når dei ulike partia styrer. Der meiner eg at talas tale er veldig klar, sa Østensen.

Regjeringa sin politikk er at eldre skal bu heime så lengst som mogleg. Men når helsetenestene ikkje strekk til, hamnar det tunge ansvaret ofte hos dei næraste. Pårørendealliansen slår no alarm om ein krevjande kvardag for mange tusen yrkesaktive som må trø til som ulønte pleiarar.

LES MER:              ©NRK.NO

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations