Skogen var det einaste ho hadde – så kom gravemaskinane

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Leiinga ved bufellesskapa visste ikkje om skoghogsten før det var for seint. For bebuar Birgit Aadland er skogen det einaste som minner om eit friskt liv.

Skogen var det einaste ho hadde – så kom gravemaskinane

Leiinga ved bufellesskapa visste ikkje om skoghogsten før det var for seint. For bebuar Birgit Aadland er skogen det einaste som minner om eit friskt liv.

Bebuar Birgit Aadland er bekymra for trivselen til dei som bur i bufellesskapet nå som skogen forsvinn.

Vi rapporterer frå Stavanger

Publisert 07.06.2022, kl. 07.09
Oppdatert 07.06.2022, kl. 11.42

– Å mista desse trea betyr å mista det som gjer det nokolunde leveleg her. Bortsett frå personalet sjølvsagt, som gjer ein kjempejobb.

Birgit Aadland har den siste månaden budd i Boganes bukollektiv i Gauselvågen i Stavanger. Til saman bur det 22 personar her i eigne tilsynsbustadar.

Det går ein kanyle gjennom luftrøyret til Aadland som hjelper til med pustinga, og ho treng difor tilsyn døgnet rundt.

Skogen og terrassen med ettermiddagssola har vore viktige lyspunkt i den nye kvardagen hennar.

Men utanfor vindauget riv gravemaskinane ned skogen for å bygga ein veg som skal gå langs med husveggen der kor Aadland bur.

Synet av skogen har vore eit lyspunkt i kvardagen til Aadland.

– Det er ikkje til å halda ut.

Leiinga ved institusjonen hadde berre høyrt rykte om utbygginga av bussvegen. Dei visste derimot ingenting om stikkvegen som skulle gå rett igjennom skogen deira.

Då vegplanane nådde dei, var det for seint å koma med innspel.

Verksemda Hillevåg og Hinna heimebaserte tenester leiar den daglege drifta ved Boganes, og er igjen underlagd Stavanger kommune helse og velferd.

Stavanger helse og velferd vart varsla om at planarbeidet vart sett i gong, og at planforslaget var sendt ut på høyring.

Likevel valde dei å ikkje varsla vidare til verksemda.

Det er dei heller ikkje pålagde, det er ei vurdering kommunen sjølv må ta.

Kommunen skal sjølv vurdera kven som skal verta varsla i samband med planarbeidet og forslag til reguleringsplan. Det finst likevel nokre føringar i Plan- og bygningslova:

Plan- og bygningsloven § 12-8: Når planarbeidet igangsettes, skal berørte offentlige organer og andre interesserte varsles. Registrerte grunneiere og festere i planområdet, og så vidt mulig andre rettighetshavere i planområdet samt naboer til planområdet, skal når de blir direkte berørt, på hensiktsmessig måte underrettes om at planarbeidet tas opp.

Plan- og bygningsloven § 12-10: Forslag til reguleringsplan sendes på høring og legges ut til offentlig ettersyn. Planforslaget gjøres tilgjengelig gjennom elektroniske medier. Registrerte grunneiere og festere og så vidt mulig andre rettighetshavere i planområdet samt naboer, skal når de blir direkte berørt, på hensiktsmessig måte underrettes om forslag til reguleringsplan med opplysning om hvor det er tilgjengelig.

Sjølv om reguleringsplanen stod klar oktober 2020, vart Hinna og Hillevåg heimebaserte tenester fyrst varsla i mai i år – ei veke før skoghogsten skulle byrja.

I samband med utbygginga av ein ny bussveg ved Gauselvågen vert den litle skogen mellom vegen og bufellesskapet riven.

Verksemdsleiar Hildegunn Tønnessen og medarbeidarane hennar bad om eit møte med prosjektansvarlege i fylkeskommunen. Dei tykte stikkvegen var svært inngripande.

– Me såg eit behov for å snakka saman og fortelja kva brukargruppe me har, kva deira behov er, seier Tønnessen.

Same dag som møtet fann stad, byrja trehogsten.

Fylkeskommunen var imøtekomande, og føreslo å setta opp ein skiljevegg mellom stikkvegen og husveggen for å skjerma bebuarane frå trafikken.

Den nye stikkvegen skal gå langs med husveggen, like ved fellesterrassen og forbi vindauga til fleire av bebuarane.

Bygningsansvarleg for omsorgsbustadar i Stavanger, Arvid Evertsen, meiner leiinga burde vorte varsla tidlegare.

– Viss det er eit hus som er i nærleiken av vegutbygginga, får eigaren nabovarsel – her er det ikkje noko problem. Ein institusjon består derimot av fleire instansar. Nokon eig tomta, nokon driftar institusjonen og nokon bur der, og då forsvinn varslinga på vegen. Det er her glippen ligg, fortel Evertsen.

Burde Hinna og Hillevåg heimebaserte tenester vorte varsla?

– Ja. I utgangspunktet kan kommunen verta betre til å varsla dei tilsette sånn at dei har trivsel.

Han meiner det er ugunstig å setta opp eit gjerde på Boganes.

– Då kjem bebuarane til å sjå rett ut i ein vegg. Det kjem dessutan til å verta bråk med prosjekteringane, både sprenging, boring og det som medfører.

Evertsen er usikker på kva løysinga vert. Nå ligg det i fylkeskommunen sine hender.

– Alt er jo mogleg, men kor mykje vilje det er til å få det gjort er ein annan ting.

Aadland håper at skogen eller i alle fall delar av skogen kan få stå

– Korleis skal vi få tilgang til ettermiddagssol utan å sitja på utstilling kloss oppi bilvegen, spør Aadland.

Ho fortel at ho vil vera ei stemme for dei som bur her ved å snakka om skogen og betydinga den har.

Skogen, og terrassen utanfor felleskjøkenet, er det einaste som minner om eit friskt liv, fortel ho.

– Eg håper eg har fått formidla at dette gjeld ei oppleving av å føla seg verdifull eller ikkje.

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations