-Politikarane er som elefantar i ein porselensbutikk i møte med dei som har minst

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Politikarane verkar heilt utan kontakt med kor små myntar dei kan kasta dei fattiges veg før fornedringa blir større enn hjelpa det gir, skriv Aftenblad-kommentator Solveig G. Sandelson.

-Politikarane er som elefantar i ein porselensbutikk i møte med dei som har minst

KOMMENTAR: Kor fattig må du bli før politikarane kastar litt myntar i di retning?

NRK Debatten, torsdag for ei vekes tid sidan, før regjeringspartia har blitt einige med SV om eit statsbudsjett:

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) fortel Renate, som lever på arbeidsavklaringspengar (AAP), er eineforsørgjar og går litt over 2000 kroner i minus kvar månad, at ho syns ho er modig som bruker stemma si slik ho gjer. At historia hennar er sterk. At det gjer inntrykk på henne.

Til Knut Ragnar Hegseth Bakke, som er aleine og på uføretrygd, og har 1000 kroner til mat i månaden, kan ho fortelja at alle menneske skal bli møtte på ein god måte. Og at han jo får litt meir pengar nå, når han er blitt aleine. Jo, seier Bakke, han får rett under 400 kroner meir i månaden, før skatt. For du betalar inntektsskatt av uføretrygd og AAP. Slik har det vore sidan 2015, det har Stortinget bestemt. Det skal gjera det lettare å kombinera trygd med arbeid.

Høgre? Høgres Jan Tore Sanner vil også hjelpa dei fattigaste, og kan gleda Bakke med at Høgre, i sitt alternative budsjett, hadde tenkt å gi han skattelette på 191 kroner i månaden. Men satsane vil dei ikkje heva.

Det var det Renate ville ha svar på – når regjeringa skal heva satsane på trygd, så dei det gjeld får sjansen til å leva verdige liv. Det vil jo ikkje regjeringa, så det vil ikkje Marte Mjøs Persen svara på. Etter veldig, veldig mykje utanomsnakk er ho einig i at minstesatsen på AAP er ganske lite pengar. Den er på 222.954 kroner i året. EU si fattigdomsgrense for Norge er på 260.100 kroner.

Så fortel ho at einslege forsørgjarar med dårleg råd vil få eit tillegg i barnetrygda på rundt 11.500 kroner i året frå neste år. Ho fortel ikkje at Renate kanskje ikkje har dårleg nok råd til å få det. Nei da, nei da, sjølv om auken i barnetrygda først slår ut på pluss-sida for aleineforsørgjarar som har under 205.000 kroner i året å rutta med. Har du foreldrefrådrag for eitt barn under 12 år, begynner det så smått å slå inn rett under 246.000.

Det er godt under fattigdomsgrensa. Har du ikkje fleire frådrag, må du så langt ned, skal regjeringa nikka godkjennande til at du har dårleg råd.

Tysdag, denne veka: Budsjettforliket med SV er klart. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) svarar på Dagsrevyen at ja, han trur minstepensjonistane jublar over det. For det er eit viktig bidrag, meiner Støre, dei pengane dette forliket har kasta minstepensjonistanes veg. Det er 333 kroner i månaden. For minstepensjonistar som bur aleine. Gjer du ikkje det, får du ingenting. Då får du fortsetja å klara deg på rundt 173.000 i året. Litt mindre, ifølgje NRK Debatten, enn det ein stortingsrepresentant får på to månader.

I det same forliket har SV klart å toppa auken i barnetrygda for einslege forsørgjarar med 5000 kroner i året. Dermed halar dei AAP-arar og uføretrygda aleineforeldre lenger opp på pluss-sida i det reknestykket. Dei kan koma ut med endå 416 kroner til i månaden.

Blant SVs andre sigrar i det same budsjettforliket finn vi også opphald til kyrkjeasylantar som har vore i kyrkjeasyl i meir enn fem år. Dei kan trygt koma ut nå. Rett nok gjeld dette, ifølgje avisa Vårt Land, berre éin familie i Norge. Familien Johnsen Collins. Dei er tre personar. Det er dei vel unnt å få koma ut, dei har vore i kyrkjeasyl i åtte år.

Men må opphald for tre personar opp i statsbudsjettforhandlingar? Verkeleg?

Det gjer vondt å høyra på dette. Ikkje berre slit politikarane med å vita kva forslaga deira faktisk betyr for den dei står og snakkar med, om det blir tusen kroner i pluss eller ingenting. Dei verkar også heilt utan kontakt med kor små myntar dei kan kasta dei fattiges veg før fornedringa blir større enn hjelpa det gir.

Verst er Ap, som bortforklarar, kjem med halve sanningar eller forventar jubel frå dei fattiges bord. Mens Jan Tore Sanner (H) og Audun Lysbakken (SV) i det minste innrømmer at det slett ikkje er nok, det dei har fått til.

Politikarane vi dei siste tiåra har stemt fram til leiande regjeringsmakt er som elefantar i ein porselensbutikk i omgang med dei som har minst. Dei får ikkje snudd seg utan at noko knuser. Eit håp, ei verdigheit, ein rak rygg. Ein tryggleik for at ein kan klara seg, om det er på lite.

Det er det siste der, som ennå er Folketrygdas formål. Å gi økonomisk tryggleik. Nå må du ta eit godt steg til venstre, minst ut til SV, for å finna igjen den haldninga.

Dei store partia rundt midten, og dei små som vil hengja med dei i regjering, har lenge vore mest opptekne av å pina satsane så langt ned at dei ikkje er til å leva av. Dei har ei slags oppfatning om at då kjem sjuke til å begynna å gå, angstridde til å klara å jobba og arbeidsevna til å svulma, uavhengig av diagnosar og forløp i livet.

Og viss ikkje, bør dei trygda blant oss i det minste bli jublande glade for kvar knapp og kvart glansbilde politikarane kastar deira veg.

Det minner om haldninga til Fattighjelpa, i innstillinga frå Folkeforsikringskomiteen av 1907: «Der maa og bør staa skræk av den.»

Det var ikkje sånn det seinare var meint å vera. Det var ikkje skam det skulle handla om. Det var tryggleik.

Det hadde vore fint om litt fleire sentrale politikarar såg det.

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations