Har venta i over tre år på svar om valdsoffererstatning

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Ein mann i 20-åra sende søknad om valdsoffererstatning i 2022, og ventetida blir stadig lengre og lengre.

Har venta i over tre år på svar om valdsoffererstatning

Ein mann i 20-åra sende søknad om valdsoffererstatning i 2022, og ventetida blir stadig lengre og lengre.

«EVIG» VENTETID: Advokat Tove Røddesnes seier ho ser korleis Gjermund kjemper seg vidare, men ikkje kjem seg nokon stad, på grunn av ventetida.

– Eg prøver å gløyme det og legge til sida, prøver å leve mest mogeleg. Men eg får det ikkje til. Eg sit og tenker på det kvar bidige dag, seier «Gjermund».

Han har søkt om valdsoffererstatning etter at han som barn opplevde han vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep frå foreldra sine.

Valden og overgrepa skal ha gått føre seg fram til Gjermund var sju år, også etter omsorgsovertaking, trass i at det var tilsyn til stades.

Les også Vil ha skjerpa straff for psykisk vald: – Eg var i overlevingsmodus heile tida

Sjølv om det er over tre år sidan han sende søknaden om valdsoffererstatning, har han enno ikkje fått svar.

– Denne saksbehandlingstida tar knekken på sårbare menneske, seier advokat Tove Røddesnes.

– Det er frustrerande at det aldri blir ferdig. Eg sit jo her og ventar til all evig tid, og det å berre sitte og vente på noko er det verste eg veit. Det tar så lang tid og det øydelegg dagane, legg Gjermund til.

Gjermund har fått utviklingsforstyrring og posttraumatisk stressliding på grunn av det han har opplevd i barndommen.

«Gjermund» er ikkje hans eigentlege namn. NRK kjenner identiteten til mannen som ønsker å vere anonym.

Kontoret for valdsoffererstatning sa først at saksbehandlingstida var 20 månader. I fjor svara dei at det var tre år og fire månaders ventetid, no er ventetida fire år.

Saka mot foreldra til Gjermund har blitt meldt til politiet og etterforska to gongar.

Den første gongen, då Gjermund framleis var barn, bekrefta mor hans fleire valdsepisodar mot den unge guten.

I avhøyret forklarte mor hans at ho betalte ein lege rundt 5000 kroner for at skadane til Gjermund ikkje skulle førast i journalen.

Les også Trakassert i møte med politiet: – Han var upassande og intens

Han har framleis merker på kroppen etter denne valden. Likevel blei saka lagt bort av politiet.

I 2020 meldte Gjermund foreldra for seksuelle overgrep mot han som barn.

– Etter to år legger Trøndelag politidistrikt bort saka, delvis på bevisets stilling og delvis på forelding, seier advokat Tove Røddesnes, som har hjelpt mannen sidan 2020.

Politiet etterforska saka mot foreldra til Gjermund to gongar, men saka har blitt lagt bort begge gongane.

7. oktober 2022 søker dei om valdsoffererstatning, og saka er klar til behandling 16. mai 2023. Men det skulle vise seg å bli ein mykje lengre prosess enn dei hadde sett for seg:

For eit år sidan stod over 6000 personar i kø etter å ha søkt om valdsoffererstatning i Noreg.

Kontoret har gjennom fleire år slite med lange køar, og i 2023 kalla dei situasjonen ekstraordinær:

Les også «Maja» har søkt om voldsoffererstatning – svar får hun først om to år

Då blei det innført ei ny lov, som endra på ein del av vilkåra for å få erstatning.

Gjermund søkte om valdsoffererstatning før den nye lova tredde i kraft. Likevel ventar han enno på svar.

Den 1. januar 2023 blei den tidligere voldsoffererstatningsloven erstatta med voldserstatningsloven.

Den nye loven innebærer flere endringer – blant anna følgende:

– Vi føler jo at sakene etter den nye lova blir prioritert og så blir sakene etter den gamle saka hengande etter, seier Røddesnes.

Men både i 2024 og i 2025 fekk kontoret tilleggsbevillingar for å styrke behandlinga av søknader etter gamalt lovverk.

– Dette har gjeve resultat. På to år er restansen redusert frå om lag 5700 saker til rundt 2700 saker, seier ho.

Det seier direktør ved Kontor for valdsoffererstatning Yvonne Andersen.

Yvonne Andersen, direktør ved Kontoret for valdsoffererstatning, seier det krev omfattande juridiske vurderingar å behandle søknadane.

Ho forklarar at ventetida auka for dei eldste sakene då den nye lova tredde i kraft, fordi kontoret var pålagd å prioritere sakene etter det nye lovverket.

– Når det gjeld kritikken om at ventetida kan vere svært belastande for sårbare menneske, har vi stor forståing for det, legg ho til.

Likevel kan Gjermund og rund 2700 andre risikere å måtte vente i halvanna år til, før dei får svar:

Trass i at Kontoret for valdsoffererstatning fekk midlar for å styrke behandlinga av saker etter gamal lov, auka saksbehandlingstida frå 2024 til 2025.

I perioden før ny valdserstatningslov tredde i kraft, fekk Kontoret for valdserstatning eit mange søknader etter den tidlegare valdsoffererstatningslova.

Både i 2024 og i 2025 fekk dei tilleggsbevillingar for å kunne styrke behandlinga av saker etter gamalt lovverk.

Tilleggsbevillingane har vore øyremerkt arbeidet med å redusere restansane etter den tidlegare valdsoffererstatningslova.

Midla har blant anna blitt brukt til:

– Bevillingane har hatt god effekt. Restansane etter gammal lov er redusert betydeleg samanlikna med nivået før tilleggsbevillingane blei gitt, seier direktør Yvonne Andersen.

– Noko som hovudsakleg skuldast at dei eldste sakene blir prioritert først, seier kommunikasjonsrådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet, Sebastian Bergedahl Vernang.

Og sidan tilleggsbevillingane tok slutt ved nyttår, er prioriteringane annleis i år:

– Kontoret for valdsoffererstatning skal i år prioritere saker etter ny lov, samtidig som alle søknadar om valdserstatning skal behandlast innan rimeleg tid, seier Vernang.

Då Gjermund søkte om valdsoffererstatning, fekk han beskjed om at det var ei forventa behandlingstid på 20 månader.

For eit år sidan beklaga Kontoret for valdsoffererstatning at Gjermund sin søknad ikkje hadde blitt behandla innan fristen.

No har han har venta i over tre år, og risikerer å måtte vente i 1,5 år til.

– Det er altoppslukande og vanskeleg å kome seg vidare i livet. Omtrent heile 20-åra hans har gått med til å stå i denne saka, seier advokat Røddesnes.

Andersen ved Kontoret for valdsoffererstatning seier dei ikkje kan forhaste seg i behandlinga.

Kontoret for valdsoffererstatning.

– Men kva er det som gjer at de seier at det er lengre og lenge ventetid?

Ventetida vi oppgjer er eit uttrykk for kor lenge den eldste saka i køen har venta. Den seier ikkje at saksbehandlingstida går saktare enn tidlegare, svarar Andersen.

Andersen fortel at dei har som mål å bli ferdig med å behandle alle søknadane etter gamalt lovverk innan utgangen av 2027.

– For søknader etter gammalt lovverk er saksbehandlingstida i dag om lag fire år.

«Julie» svelta seg og skar namnet til mannen inn i huda

Advokaten seier at ho ser at det er ei belasting for Gjermund å stå i prosessen med å søke om valdsoffererstatning og vente så lenge på svar.

– Det er altoppslukande og vanskeleg å kome seg vidare i livet. Omtrent heile 20-åra hans har gått med til å stå i denne saka, seier ho.

– Vi skulle gjerne hatt kortare ventetid for alle som søker om valdsoffererstatning, svarar direktør Andersen.

Les også «Marte» må vente ekstra lenge på erstatning: – Man føler seg tråkket på

Gjermund er ufør på grunn av det han har opplevd og ønsker å få svar på søknaden, for å kome seg vidare i livet og legge alt bak seg.

– Saksbehandlingstida er allereie lang, og det er uakseptabelt at ein skal vente i så mange år på å få svar på ein søknad, seier Gjermund.

– Eg har ikkje noko anna val enn å vente på svar på søknaden, men det er frykteleg belastande å vente. Belastinga blir verre over tid, legg han til.

LES MER:                 ©NRK.NO

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations