Lika hopar seg opp – må legge døde kroppar i container utanfor

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

­Kapasiteten er sprengt. Dei tilsette fryktar at det kan føre til at drap ikkje blir oppdaga.

Lika hopar seg opp – må legge døde kroppar i container utanfor

Kapasiteten er sprengt. Dei tilsette fryktar at det kan føre til at drap ikkje blir oppdaga.

FULLT: Lars Tomas Lien og Arne Stray-Pedersen står utanfor kjølecontaineren. Den blir brukt til å oppbevare lik som er ferdig obdusert, fordi kjølelageret er fullt.

Publisert 13.03.2024, kl. 13.34

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

Ein kvit kjølecontainer står rett utanfor Rikshospitalet i Oslo. Inne i denne legg dei lik som er ferdig obdusert. For kjølelageret inne er stort sett fullt.

Det var meint som ei midlertidig løysing. Men på grunn av utfordring med kapasiteten, må den bli ståande.

Dei tilsette som jobbar her, meiner det er på grensa til å vere uverdig.

– Vi toucher bort i nokre grenser, som vi som fagpersonar ikkje likar, seier obduksjonsteknikar, Lars Tomas Lien.

Lars Tomas Lien seier det påverkar han som jobbar med dette dagleg, at dei må bruke slike reserveløysingar for å oppbevare dei døde på ein forsvarleg måte.

Ifølgje overlege, Arne Stay-Pedersen, har dei har kapasitet til å ha 30 døde på vent, og 30 som er ferdig obdusert. Containeren gir dei 12 ekstra plassar, og den er i bruk stort sett heile tida.

Allereie i sommar vart det meldt om bekymring rundt kapasiteten på avdeling for rettsmedisinske fag på Oslo universitetssjukehus.

I eit brev til Riksadvokaten skreiv dei at situasjonen var svært pressa.

Dei gjennomfører mellom anna obduksjonar på oppdrag frå politiet. Men lika hopa seg opp, og dei klarer ikkje ta unna alle tidsnok.

– Situasjonen er alvorleg. Vi har utfordringar på kapasitet, vi har rekrutteringsvanskar, og vi opplever at vi ikkje strekk til. Vi får ikkje gjort så godt arbeid som vi gjerne ville ha gjort, seier overlege, Arne Stray-Pedersen.

Arne Stray-Pedersen jobbar som overlege på avdeling for rettsmedisinske fag på OUS. Jobben inneber mellom anna å obdusere lik, på oppdrag frå politiet.

Han har også vore ute i Dagens Medisin med kollegaer frå andre stadar i landet, dei meiner underbemanning og auka oppdragsmengde er ei varsla katastrofe.

Bergens Tidende har omtalt at dei på Gades institutt i Bergen også opplever eit stort arbeidspress.

For talet på obduksjonar går opp. I 2023 obduserte dei nesten 1500 lik i året på Rikshospitalet. Om lag 500 fleire enn for fem år sidan.

I romjula i 2023 vart ein mann funnen død på eigedommen sin på Flisa. Politiet mistenkte ikkje den gongen at det var snakk om noko anna enn eit naturleg dødsfall.

Seinare viste obduksjonen at mannen var drepen.

Stray-Pedersen seier at saker der det ikkje er mistanke om noko kriminelt ikkje blir prioritert, og dei kan ligge i mange dagar.

– Vi blir ein propp i systemet, og det ønsker vi jo ikkje å vere. Når det først blir gjort ei undersøking vil det bli gjort grundig. Men konsekvensen av at det tar tid før det blir gjort kan vere stor.

Les også Frykter flere uløste drap: – Alvorlig bekymret

Eitt av problema overlegen peiker på er at dei er for få som kan gjennomføre obduksjonane. I tillegg er vanskeleg å rekruttere folk til å jobbe som rettsmedisinar.

Han har lenge ønskja at rettsmedisin skal bli ein eigen spesialitet. For at det skal bli eit meir attraktiv yrke.

– Vi opplever i fagmiljøet at det har tatt veldig lang tid, og vi har hatt dårleg tid. Vi har vore gjennom eit generasjonsskifte med veldig mange svært erfarne kollegaer som har gått av med pensjon. Det tar veldig mange år å erstatte dei, seier han.

Helse- og omsorgsministeren seier ho har bedt Helsedirektoratet om å sjå på om det er mogleg å få til ei spesialisering innan rettsmedisin.

– Vi er alle tent med at desse undersøkingane held så god kvalitet som mogleg. Derfor har eg gitt eit oppdrag til helsedirektoratet om å standardisere denne kompetanse, seier Ingvild Kjerkol.

Ho seier at dette er noko justissektoren og helsetenesta saman må finne ut kva som er riktig.

Kjerkol peiker på at det er mangel på overlegar innan fleire fag, så ho kan førebels ikkje svare på om det er planar om å opprette ein eigen spesialitet innan rettsmedisin som Stray-Pedersen ønskjer seg, men det ligg inne til vurdering.

I sommar vart politiet bedt om å ta ei ekstra vurdering før dei bad om ein obduksjon. Det opplever Stray-Pedersen at dei har gjort.

Arne Stray-Pedersen seier det hastar med å få på plass tiltak for å kunne rekruttere fleire til yrket.

Men han seier at det er frykteleg vanskeleg for politiet å prioritere endå hardare enn det dei allereie gjer.

– Dei må då ta stilling til, ved eit unaturleg dødsfall, om dette ikkje skal undersøkast. Og med den konsekvensen det får, at vi ikkje oppdagar ting.

Han seier at dei har eit par slike tilfelle i året, der dei ved ein obduksjon oppdagar at det kan vere snakk om drap, som ikkje var kjent før vedkommande vart obdusert.

Om desse ikkje blir sendt til obduksjon, kan ein risikere at drap ikkje blir oppdaga.

– Det tenker eg at vi ikkje skal tillate.

Hei, eg har skrive fleire saker om rettssikkerheit, mellom anna Jon som meiner han er feildømt. Har du tankar om saka du akkuratt har lest, eller innspel til andre saker eg bør sjå på? Ta gjerne kontakt. 

LES MER:

Comments

https://www.lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations